fredag, september 18, 2009

I've had the time of my life.

Min kjære ungdomsforelskelse gjekk vekk for nokon dagar sidan. Eg trudde utan tvil eg kom til å gifte meg med Patrick- berre eg vart litt eldre. For på film blir ikkje menneska eldre og eg ville sjølvsagt ta han igjen på alderen. Det er då sjølvklart.

Eg hugsar godt den dagen då systra mi kom heim frå skuletur til 'Aya Napa' og kofferten ho opna med skattar ifrå dei sydlegare strøk. Plassar eg berre hadde drøymt om og sett på tv.
Eg kan ikkje ha vore meir enn sju år, men eg ser for meg augeblikket då ho tek fram ein pakke med 'turkish delight', 2 parfymeflasker og til slutt 3 videofilmar som var piratkopiert.
Slik fekk eg eit innblikk i heit dans, barlivet og korleis sioux-indianarane leve på prærien. Og sidan det var på 80- talet så seier det seg sjølv kva filmar det var; Dirty dancing, Coctail og Danser med ulver. Merkleg nok var eg ikkje så interessert i sistnemnte film.

Nokon kan kanskje meine dette ikkje var filmar som traff mi målgruppe, men dét kan eg på det sterkaste motbevise. Med store auger såg eg oppatt, oppatt og oppatt filmane- sjølv om videoane var av den dårlegaste kvalitet du kan tenke deg og utan tekst. Slik lærte eg meg å blande drinkar, blant anna 'Red-eye' og 'Orgasm', flørte og ikkje minst danse heite dansar.
For å ikkje snakke om engelsk. Sidan eg som sjuåring ikkje var spesiellt godt skolert i det engelske språket enda, så måtte eg gjette meg fram til kva dei sa. Og tru meg- eg kunne alle replikkane på rams, sjølv om eg eigentleg ikkje visste tydninga av dei.

Eg hugsa eg ville vere som 'Baby', danse som ho, og ikkje minst- finne meg ein mann som 'Johnny'. Eg og mi mellomste syster var oppslukt av alle dei magiske dansetrinna. Vi kopierte scener som då 'Baby' dansa opp etter eit gjerde, rockinga på ein trestokk ute i skogen og ikkje minst- høgdepunktet i filmen; det avsluttande løftet! Den siste scena står som ein bautastein av minner i hjertet mitt og ikkje minst som eit høgdepunkt i filmhistoria. Scena då ' Johnny' kjem tilbake for å gjere dansen som han etter tradisjonane alltid hadde gjort ved avsluttinga av sommerferien på hotellet- og som han hadde blitt nekta å gjere dette året. Barsk og kjekk kjem han inn i salen, myser sexy etter sin store kjærleik 'Baby', finn ho, går bort til bordet og seier replikken som er legendarisk; " Nobody puts Baby in a corner"!
Sukk- Og inger auger er tørre då dei entra scena og set igong med den mest fantastiske dansen som neppe nokon andre i historia kjem til å overgå.

Faktisk resulterte 'opningsmovs'a' på den avsluttande dansen, med blod, tårer og eit stort hol i hovudet for mitt vedkommande. Og, ikkje minst- ein tur til legen for å lappe meg saman att. Idét systra mi skulle slenge meg ut då hendene våre etter "oppskrifta" hadde møtt kvarandre, kasta ho meg like godt midt inn i hjørnet på eit skåp som stod i vegen. Neida- det her går fint, sa eg, heilt til eg tok meg i hovudet for å sjekke ut ståda. Handa mi var full av blod, mamma vart hysterisk og vi køyrte i full fart til Eid for å lege mine kunstneriske sår.

Så kjære kjære Patrick, tusen takk for alle tårevåte augeblikka, både i Dirty Dancing, Ghost og Nord og sør. Eg tenker, sidan du allereide har vore ein engel i den vakre filmen 'Gohst' så har du allereide sett litt av den andre sida så du slepp å vere redd. Kvil i fred kjære venn.

2 kommentarer:

Mari sa...

Fantastiske mannen...

jeanette_s sa...

ja, sukk. Åsso so fin:)