torsdag, september 10, 2009

Lag på lag- alt er lov!


Kjenne eg blir i strålande humør av å kikke i butikkane for tida. Det bugna av deilige blandingar med fargar, dyreprint, forskjellige stoff, fjuskepels, strikk og massevis av glamour. Sjølv om hauststormane har gjort sitt inntog for fullt så skal ein ikkje kimse av paljettar, lakk og lær til fest!

Det deilige er at ein ikkje treng å ta på seg den tjukkaste parkasen sjølv om vinden ula rundt eit kvart gatehjørne, og alt ein vil er å sitte inne med ein stor varm kopp med kakao. Ta heller på deg lag på lag, deilige bomullstrøyer, store strikkejakker og toppen av kransekaka ein stor deilig skjerf i ull.

Ellers har eg forelska meg stort i skinntightsane som har dukka opp i motebildet. Er einig i at det lett kan bli litt for "harry" dersom ein overdriv stilen, men ilag med ein mjuk, stor og god gensar eller flanellskjorte blir det ein perfekt kombinasjon! Sleng evt. på deg ein dobbeltspent vest i 'uniformstil' som prikken over i'en.

2 kommentarer:

Mari sa...

Vanvittig mykje kule sko som er komen til hausten òg! Eg må tvinge meg heim rett etter jobb for tida sonn at eg ikkje stikke til byn og svir av heile mastercardet mitt...

jeanette_s sa...

å ja, eg veit ka du snakka om. Skulle ønske eg va millionær, slik at eg kunne ha kjøpt akkurat ka eg ville!