onsdag, september 16, 2009

Lukt, lyd og smak.




Det er rart korleis lukt, lyd og smak kan frambringe eit register av minner og kjensler som har gått forbi deg i livet. Dei kan føre deg tilbake til barndomen og få deg til å huske minna du har ifrå dine fyrste leveår, då du fekk ditt fyrste kyss, jula som vart feira hjå bestemor og bestefar, stadar du har reist til og minner om varme lange og late sommardagar på eit svaberg. Dersom eit let att augene og konsentrerar seg verkeleg, kjennast det nesten ut som om at augeblikket har gjennoppstått.

Sjølv har eg ein del lukter, lydar og smakar som frambringe gode minner frå barndomen, oppveksten, familie, kjærleik og ikkje minst forelskelse. Både frå gamalt av og ifrå dei seinare tider. Lukta av nyplukka raude epler minner meg om hausten heime i Kjølsdalen. Dagar som blir kortare og kveldar som blir mørkare. Det får meg og til å tenke på hjortejakta, og kveldar då vi ungane hand i hand vandra heimatt ifrå fjøsen ilag med pappa -og stjernene på den mørke hausthimmelen som vaka trygt over oss. Og sjølvsagt, den store kassa i kjellaren med dei små og søte nyinnhausta eplene kjøpt ifrå nabobygda.

Lyden av vag bildur får meg til å tenke på bestemor i Stryn. Dersom eg let att augene kjennast det ut som eg ligg søvndrukken og pur ung under dyna på det blå soverommet. Duren frå bilane som susar forbi på vegen nedanfor svinn sakte hen idet Ole Lukkøyet kjem for å helse på meg...

Smaken av hockypulver får meg til å kjenne på følelsen av tidleg julemorgon. Vi har- og kjem alltid til å ha julekalender heime i Kjølsdalen. Faktisk heilt til vi blir gamle og fulle av rynker! Vi har hatt tradisjon med å pakke inn juleutgåvene av teikneserieblad og ferdige julesokkar som ein kan kjøpe på butikken. Dei innheld både skumgummi, fox, sure drops, slikkepinne, sjokoladenissar og ikkje minst- hockypulver. Den barnslege gleda over at snøven dalar ned i stor flak utanfor vindauget, varmen frå fyren i peisen, dei dunkle lysa ifrå juletredet og Disney på tv får oss "ungane" til å kvine av fryd idet vi kveilar oss søvndrukken opp i sofaen under eit pledd.

Eg kan i fleng nemne opp små flik av minner som eg har lagra i mitt 'sansebibliotek'. Og mange av desse 'flash-back'a' kan få meg til å smile, le eller få sommarfuglane eg har i magen til å fly i vilden sky. For tida har eg éi favorittlukt- som får meg nettopp til å gjere alle desse tinga. Den lukta får meg til å føle meg levande, lykkelig og ikkje minst vanvittig glad! Eg er blitt avhengig av den lukta- og prøver å finne alle dei stadar eg kan kanskje få ein snus av den. Det høyrast veldig rart ut, men det er sant. Kan heller ikkje stikke under ein stol at eg er veldig rar, både på godt og vondt.

Eg vil ha meir av den lukta. No, for alltid og i framtida.

4 kommentarer:

susanne sa...

hei! for en artig blogg! dinna her ska eg legge i mine favoritter! alt bra me deg? kjekt at du har fått ordna deg me leilighet å sånn!:) likte godt dette innlegget ditt om småting som får tilbake minner, e jo akkurat som om eg skulle ha skrive de sjøl føle eg! elska sånne flash-back!:) stor klem frå susanne(sundal)

jeanette_s sa...

Takk for det:)
Kjekt at du lika bloggen min!
Elska leiligheta mi,og kom gjerne på besøk om du e innom Bergen ein gong:)

jeanette_s sa...

Alt bra med deg forresten?

Mari sa...

oh, no fekk eg lyst på hockypulver og jul...