onsdag, september 23, 2009

Lure.

Lure litt på om eg er blitt so gammal at eg er gått tilbake til barndommen. Har ete blanding av smoothie og graut av frukt og grønsker til frukost kvar dag i ei veke no. Laga ei blanding av gulrot, banan, eple, valnøtte og eplejuice. Kjempe godt, mettande og sunt!

Lure og på korleis ein evt. skulle ha gått fram dersom ein skal sprenge ned nokre av fjella som gjer at det regna so mykje i Bergen. To, tre hadde vel holdt, slik at skyene kunne passére og ikkje samle seg rett over byen.

Lure og på om eg skulle ha flytta til ein varmare stad. Eller kanskje skaffa meg ein vingård i Italia. Greit med litt sol innimellom. Dessuten tek eg meg ikkje spesiellt godt ut som bleik.
Der kan eg drikke vin, kunste, ete god mat og sole meg.

Det e mangt eg lure på igrunn....

1 kommentar:

Mari sa...

Eg er glatt med på å spleise på ein vingård!!
Merka at humørt blir dårligare, jo meir vi går mot vinter.
Heldigvis har vi vertfall jul å sjå fram mot:)