måndag, oktober 26, 2009

Jeanette bretta opp armane
( Hm, kven i alle daga 'bretta' opp armane? Og går det an å 'brette' opp armane?)


Meg, Jeanette tek ansvar for eiga helse. Har eit lite problem med at eg til tider likar å tygge meg i tannkjøtet når eg et mat, tygg tyggis eller søv. Tygde av eit godt stykke her ei natt. Var vertfall ikkje spesiellt svolta når eg skulle ete frukost morgonen etter.

Dette har då resultert i eit sår på innsida av munnen. Altså i tannkjøtet. Ikkje spesiellt godt, og det verke litt kan ein seie. Spesiellt når eg et eller pustar. Noko eg gjer stort sett heile tida.
Prøvar å pusse tennene godt og skylle munnen med fluor etter kvar gong eg har ete.
I dag er det tredje dagen det er sårt. Og såret får vel aldri heilt kvile sida tanna gneg litt i det kvar gong eg opnar kjeften, og sjølvsagt sidan eg faktisk må ete (Og stort sett heile tida må prate......)

Fekk ein lys idé i stad. Knuste ein tablett med paracet og blanda det saman med antibaketriell gél. Dyppa så ein q-tip i stoffet og tok eit par runder på såret. Har no sete med bomullspinnen i munnen ei god stund (Kjennest ut som eg har vore på fylla, etter smaken å bedømme). Og vips! Kvitt smerta- og håper at såret vil gro raskare.


Kva skal ein med legar når ein kan fikse det sjølv?

Ingen kommentarer: