onsdag, oktober 21, 2009

Sin eigen herre.

Det å bli vaksen innebære å ta ansvar over eige liv. Ein sannheit med moderasjonar. Eg kjenner ein trang til å rive meg vekk ifrå den vanlege A4-kvardagen. For sjølv om mennesket har ansvaret for eige liv, så har dei daglege pliktene eit visst 'eigarskap' i livet til kvar enkelt. Då tenket eg på jobb, møter, økonomi, osv. Plikter som ikkje gjer deg så fri i kvardagen lenger.

Aller helst ville eg ha vore fri får alle slike 'plikter'. Være min eigen sjef, ha mi eiga bedrift, tjene gode pengar og reise vekk til eksotiske strøk når eg måtte ønske det. Sjølvsagt er dét mogleg å oppnå med mykje arbeid. Men det er alltid noko som sikk kjeppar i hjulet på alle planane. Alle idéane som surrar opp i hovudet til alle døgnet sine tider. Økonomien setter stopper for alle planane eg kunne tenke meg å gjennomføre. Hadde eg berre vore fødd med gullhår i ræva, eller vunne i lotto skulle eg ha sett dei fleste av planane mine ut i livet.

Eg synst berre tanken på at eg ikkje får gjort akkurat som eg vil er svært frustrerande. Tanken på at eg akkurat no ikkje lever det livet eg ikkje er heilt komfortabel med. Men som sagt, det er vel ein del av å skulle bli vaksen. Eller å vere sin eigen 'lykkesmed' som ein kallar det. Men som ein klok mann så ofte sei til meg; alt er mogeleg berre ein jobbar for det. Kanskje ikkje den lettaste retninga eg har valgt. Men i mellomtida får eg berre måle bileter, klekke ut smarte idéra og ta masse bilder. Så kanskje fell det noko ned i hovudet mitt ein dag?

3 kommentarer:

mari.vedvik sa...

Jau, eg skulle vel ha oppdatert litt, men haudet mitt svirra så voldsomt for tida at eg fann ut det var best å la vere...
Kjem sterkt tilbake snart:) Var faktisk heime i helga og det gjor seg med flott haustveir på vestlandet! Skal prøve å legge ut litt bider av det i kveld:)

jeanette_s sa...

Ja!
Ekstra greit å skrive blogg når haudet svirra. Greit å få ut tankane:)

Ha ein fin mandagskveld:)

Mari sa...

Ikkje alle tankar er verdt å ha på trykk, så eg trengte nok ei lita bloggpause:)
Heller ikkje så mykje som skjer for tida og eg har vore dårlig til å ta bileter, så eg må skjerpe meg på slikt!