søndag, oktober 04, 2009

Sol og sommar.

Veiret i Bergen er stabilt, stabilt dårleg. God er det- då slepp vi tenke på kva kle vi skal ha på oss når vi går ut vertfall. Ikkje minst slepp vi tenke på om vi skal rette ut håret eller ikkje, ta på oss vannfast mascara eller ikkje, støvla kontra småsko. Alt er lagt til rette for oss. Vi slepp å tenke sjølv rett og slett!

Eg drøyme om sol og sommar i desse dagar. Lyset som gjev oss energi til å komme oss gjennom vintaren. Eit lys som minner oss på om det er morgon, midt på dagen eller kveld. Tok meg i tenke at klokka var seint, sånn ca. ti på kvelden- når den eigentleg berre var halv åtte.
På den andre sida kan eg då bli positivt overraska over at døgnet forsatt har mange timar igjen. Flaks- då kan vi nyte veiret ekstra godt nokre timar til.....

2 kommentarer:

Mari sa...

greit at det held seg stabilt:)
Då sleppe man overraskelsar!

jeanette_s sa...

Ja, ikkje sant. Flaks for oss!