fredag, desember 11, 2009

Festfri helg!




Har vore litt for mykje 'hyggeleg-lag' dei siste helgane! Og det har vore veldig kjekt og koselig. Men dagen 'derpå' blir sjølvsagt lite produktiv- og dermed kjennast det ut som om eg ikkje får nytta helga til det fulle. Den helga her skal eg berre kose meg for meg sølv, sette på julemusikk, tenne lys, fotografere, drikke gløgg, lese bok, trene og ikkje minst kjøpe litt julegåver. Skal lage litt julekort til folk så det blir nok glitter og stas utover heile leiligheta.


Ellers satsar eg på å møte mine kjære og nære på kafé og ta den obligatoriske turen innom den berykta 'Pepparkakebyen'. Og, ja- eg gledar meg som ein unge! Kjenner det langt inn i hjertet når eg blir omfavna av den deilige atmosfæren i pepparkakebyen. Lukta, dei dunkle fargane, lyset frå alle dei små pepparkakehusa, julemusikken og den litt 'heilage' stemninga ligg som eit lunt teppe over 'byen'. Og den stemninga får meg til å kjenne lykke og kjærleik. Som eit parallelt univers ifrå kvardagen.



Snart jul folkens!

2 kommentarer:

Mari sa...

så deilig med skikkelig jule-helg! Du må kose deg masse! Eg òg skal finne fram jule cd-ane og skrive julekort!

Hotell sa...

Kan ikke se pepperkake-horehuset på bilde...