fredag, april 30, 2010

Arbeit macht frei.



Då var april snart ute av synet. Og vi ønsker mai du skjønne milde velkommen, med arbeidarane sin dag, feiring av nasjonaldagen, grilling, knoppar og blomar i full spring og forhåpentlegvis mykje fint og varmt veir.
I morgon skal arbeidarane sin dag feirast med talar, paroler og korpmusikk i gatene. Og der kjem vi inn. Flesland musikklag spela frå 14 og utover gjennom Bergen sine vakre gater. Måtte ein stakkar korpssjel få opphald frå regnet i vår vandring. Tross alt, dei som trur 1. mai og 17. mai er ein av dei dagane då korpsa verkelig tek fram sine beste talent- tek dykk skrekkeleg feil. For meg er 17. mai ein av dei beste dagane i året. Men ser med skrekk og gru fram til marsjeringa og speling av marsjar.
Så kjære medmennesker. For dykk som ikkje likar korpsmusikk. Ja, då har vel dykk kun høyrt oss spele på ein av dei minst likte dagane i året av ein korpsmusikant. Nemmelig 17. mai.

2 kommentarer:

Anonym sa...

mars, april, mai :)

jeanette_s sa...

jøss, ein oppegåande anonym lesar!