torsdag, april 22, 2010

Knudsen og kompasset i Blomsterdalen.





Tenk at han rare som alltid smilte og såg ut som han visste noko vi ikkje visste- 'Has left the building'. Eg har vore litt småirritert, igrunn, opp gjennom heile barndommen berre fordi han var i godt humør non stop- virka det som.

Allikevel, visene han lagde festa seg til mi teflonhjerne, uansett om eg ville det eller ikkje. Eg huska då kongen skulle komme til Måløy. Ikkje veit eg kva han skulle der. Men han tok uansett turen til "Byen" Då pakka familien Sundal alle ungane inn i den blå Datsunen, og sette kursen for Måløy, syngande på 'Kanskje kommer kongen'- Og det gjor han jo. Han satt der i all si prakt. Og mamma som kanskje er den største monarkisten i manns minne gliste frå øyre til øyre.

Det eg kanskje i seinare tid er aller mest fascinert over, er for ein stor ordkunstnar han var. Han leika seg og satte i saman ord på ein måte ingen andre kunne drøyme om. Dei fleste har vel ikkje fantasi nok ein gong til å koke saman så velformulerte og leikande setningar.

Som det stod i VG i dag. "Blant konger og krokofanter blir du djupt sakna". Kvil i fred.




1 kommentar:

Mari sa...

Flott mann. Eg var så heldig å ha litt med han å gjere då eg jobba på Hotell Savoy her i Oslo og ein snillare mann skal man leite lenge etter!