måndag, mai 03, 2010

Bergen i mitt hjerte.



Festivalstemninga osa av Bergen i helga. Og eg vil ha meir!
Heldigvis er det ikkje lenge til 'nattjazzen'.
Ok, vi fekk ikkje kanskje med oss så mykje som vi hadde håpa på. Men det var berre fordi det tok totalt av i det lokalet på verftet vi haldt til.

Vart skikkelig snurt etter å ha stått i kø alt for lenge utanfor Verftet. Vi som stod på gjesteliste og alt, trudde det var bankers at vi kom oss inn- Men nei. Lokalet var stappa til randen og dama som stod i inngongsdøra var ikkje spesiellt samarbeidsvillig. Men inn kom vi etter litt sleipe triks, do-gåing og vaktar som tok oss på fersken, men som faktisk fann ut at vi stod på lista. In your face!

Karpe Diem var virkelig hett. Folk stod som sild i tønner, og stemninga tok verkeleg HEILT av. Magdi rocka! Derifrå skulle vi liksom få med oss Lars Vaular pluss ein del andre band. Men kven takka nei til hundre gratis øl, godt selskap, rocking på dansegolvet og til slutt ei FANTASTISK avrunding med "The souljazz orchestra"! Ikkje dei jentene nei.

Vandra heim i dei seine nattetimer, under ein blå himmel og med sola på god veg til å komme opp. Lykkelige over ein deilig kveld og med autografar på handa.

Litt sleten i dag gitt.


2 kommentarer:

Cathrine sa...

såg deg ikkje sjølv om eg såg etter deg! var på the heavy, så Vaularen så hjemover.... Kjekke kveld.

jeanette_s sa...

Eg va inn i den andre salen, der Vaularen ikkje va. Og det rocka! Akk, SO bra!
Såg nesten ingen kjende eg.