torsdag, juni 10, 2010

Så skimrande var aldri havet.


Sidan butikken eg jobba i ved sidan av kunsten snart leggast ned, så leikar eg med tanken om å jobbe heime i sommar. Nokre år sidan eg har vore heime å jobba no, og eg kjenne at landslivet kallar med kviskarande rop. Tenkte å få arbeida mykje med kunsten på same tid.

Eg lengtar etter nydelige sommardagar i Kjølsdalen, med solmetta kveldar på terassen med familien; der disen frå elva ligg som eit mjukt teppe over 'myrane' og bjellene frå kyr og sau kling svakt ifrå det fjerne.Flakedans på sætra med alle dei gode gamle kjende, dansing til langt ut på natta og Bjørn som alltid tek jobben med å jage oss vekk ifrå flaken når det er på tide å gå heim. Men VI går ikkje heim kan du tru- for sommarnatta har alt for mykje å by på. Bading på lisjebrayløken etter festen- med eller utan kle på. Det siste eit meget populært val.

Lange late dagar på Revikja. Den nydeligaste plassen på jord! Antan det er sommar og sola skin frå skyfri himmel, eller dagar då sjøsprøyten tek tak i sandkorna og dreg dei med ut att i havet og himmelen er mørk og truande. Det er fascinerande korleis den same staden kan ha eit so forskjellig uttrykk. Eller kveldar ut på steinen hjå bestemor, med utsikt over dalen, gode samtalar og mysing mot sola som skin sine siste strålar før den ønske natta velkomen.

Valte er vel enkelt. Ingenting er som heime.

4 kommentarer:

Stine sa...

Eg stemme for Kjølsdalen! Eg har vore heime kvar sommar og det e toppers!

Mari sa...

Heilt enig! ingen plassar e så fint som heime! Og strendene på vestlandet e heilt fantastiske! Skulle vere med thormod på stranda i nærheten av der han e i frå ein gong (østfold) og då va det ein liten innsjø der man hadde henta sand og laga ei slags strand. skuffa!!

Winter sa...

Jeg vil og!!!! :D Du skriver så fint, jeanette!

Jannike sa...

Jaaa!!! Kom heim te meg!! So kan vi bade på lisjebreiløkjen! Husk å ikkje forfine navnet med ein Y :)

Gler meg te sommaren!!