tysdag, august 10, 2010

Krise i heimen.



Før eg legg meg. Eg skulle berre nyte ein lollipop-is. Eg var vel litt vel kjapp i kjeften då eg tok eit godt bet over den fristande isen. Det resulterte i at tunga mi satt bom fast. Prøvde fyrst å produsere litt meir varmt spytt; utan hell. Putta halve trynet og isen ned i eit vattenglas som stod på bordet ved sidan av meg, men innsåg at der ikkje var nok vatten til å få faenskapet av tunga mi. Hysteriet tok over, og eg sprang bort til springen, dusja varmt vatten over heile munnestellet- og isen løysna. Flaks. Litt kjipt å måtte stå med ein is hengande fast i leppa på butikken i morgon.......

1 kommentar:

Mari sa...

haha! Genialt! Isen hadde nok smelta til slutt, men bra du fekk han av og slapp å vente til den forsvann av seg sjølv:) Vondt å fryse fast tonga!!