tysdag, august 24, 2010


Nova og Pukka.




Bergen har fått tilbake regnet. Studentar med eit sjenert blikk tråla gatene i håp om å gjere seg meir kjend med byen og sin nye heimby. Litt mindre pågåande og sjølvsikre på ein heilt vanleg kvardag- enn forrige veke då alkoholen og fadderveka gjorde dei rake i ryggen. Snart er uggsa, pelsen og dei store skjerfa bytta ut med goretex-sko, allveirsjakke og ryggsekk frå Bergans. Berre vent. Vi har havna i den samme fella alle i hop.


I skrivande stund, og filosofering over folka som hastar forbi i regnet med store paraplyar- drikk eg te og jobbar på Nova. Ein fin liten butikk i gågata, med kle ifrå Acne, Vienne Westwood, Whyred og Isabel Marant. Pluss mange andre flotte designera. Her kan du kjøpe nydelige kle, knallfine sko, te, luktelys og kunstbøker i ein stilrein varm atmosfære av kuskinnfelle på golvet, gamle fine møblar og lyse innbydande lokaler.


Har lagt mi elsk på eit par sko med kilhelar frå Gardenia. Eg eg kan ikkje slutte å tenke på dei. Så dei må nok desverre havne i mi skohylle om ikje så alt for lenge. Må berre beklage det altså.


Ha ein strålande dag folkens. Tenkte eg snart skal legge ut bilder av den fine nye leiligheta mi:)

Ingen kommentarer: