fredag, februar 02, 2007

Den vakre prinsen er komen.

Endelig skjedde det! 1. Feb ville den vesle guten komme ut til mammaen og pappaen sin, og alle andre som har venta i spenning.

I dag har vi besøkt det nye mennesket som skal merkelig nok alltid vere her med oss.
Det e litt rart.
At no er han kommen for å bli, han som vi berre har kjedt og klemt på. Og heldigvis hadde han ikkje fingermerke i panna etter all klemminga! Men han var ein perfekt liten guttebaby som vi gledar oss til å bli kjend med!

Eg trur eg og Trine begge vart veldig rørt, og nesten litt sjalu, over kor heldige dei er som har fått ein slik fin, mjuk og god skapning som dei elskar over alt på jord.

Velkommen skal du vertfall vere lille prinsen.

Ingen kommentarer: