søndag, februar 11, 2007


Vel





Fire takter pause.

No er bobla sprukke. Livet skal gå vidare etter iherdig innsats med øving. Eg kjenner nesten allereide abstinensane!

Takk alle saman for ei flott helg!! Familie og vener har vore på besøk, og vi har gjort mange nye bekjendtskap men supertrivlige folk!

Fredagen var dagen med høgast puls. Ei flott oppleving å spele i grieghallen! Stykket var krevande og meget spesiellt og til tider ubarmhjertig avslørande (som det stod i dommarkommentarane). Dette endte med at Flesland rauk ned til 3. div. Men ingen sure miner her i garden!:) Som Eldrid og Anita sa " Dokke va dei finaste som stod framme på scena for å ta imot premie!" "hadde det vore ein anna konkurranse hadde dokke garantert vunne!".

Kjølsdalen derimot gjorde ein fabelaktig innsats! Dei tok like gjerne andre plassen, og rauk opp i tredje divisjon! Samtidig tok dei prisen for "beste gruppe" som vart vunne av slagverkarane! Godt jobba!!!:)

Helga vart avrunda med ein alle tiders fest i Grieghallen:) Mykje gode kommentarar på lur. Therese utnevna seg sjølv til dirigent for eit nyoppstarta korps. Nokre var på god veg til å ta med seg ei tromme på veg til etterspel,medan andre trudde på at korpse vårt heitte "Kjølster"altså ei blanding avKjølsdalen og Jølster.

Natta vart lang,ogSynnøve var ikkje i seng før klokka sju......det seie sitt.

Atter har eg ein del bilde av galskapen!

1 kommentar:

Anonym sa...

Meget dristig leopardtights;)