tysdag, februar 06, 2007

Fridagen.

I dag har jentene fri frå korps, og kva er vel betre enn å starte dagen med ei god treningsøkt på vektertorget. Eg, Synnøve og Ane har gjort eit framifrå arbeid! Musklane verkar på stadar der ein aldri skulle tru dei kunne verke! Pass deg vektertorget, vi er på veg til å slite deg ut!

Og Trine, nei, det er ikkje for å bygge opp att moralen vi har mista. Moralen vår synest å ha reist sin kos for godt....Dessutan synest eg livet er mykje meir morro utan moral. Kva eg har tenkt på før?????

Berre for å gjere litt reklame....: Husk NM i helga! Flesland musikklag spelar fredag, ein gong mellom 10 og 13 ca. Det kjem an på trekkinga. Kjølsdalen spelar laurdag. Deira tid kjem også an på trekkinga.


Vi gleda oss alle til å få besøk!!!!:)

Ingen kommentarer: