måndag, mars 12, 2007

Martin Andresen.

Rett og slett ei fabelaktig helg!

Mykje god mat, og godt selskap. Fredag var vi ein liten tur på våre vanlege plassar, Pingvinen og Opera. Vi var så heldige å få møte Trine sin Bent. Trur kanskje han var litt skremt av jentne som fjasa og masa på at han måtte komme på besøk til oss, men det var i beste meining altså;)

Laurdag var vi på eit litt ellers uvanleg medlemsmøte med Flesland musikklag... møtet varte ut i dei seine nattetimar.Ikkje noko å seie på stemninga! Veldig godt fornøgd med kvelden. Har ein del Veldig festlige bileter derifrå som eg skal legge ut. Men trur kanskje nokre av dei bør sensurerast fyrst;)... berre for å ikkje havne i "klammerier".

Men til den viktigaste saka; I går då eg var ute å gjekk rundt Svartediken, såg eg plutseleg to raudkledde menn som var ute å gjekk/sprang. Å joda. Heilt riktig. Det var min draumeprins! Martin Andresen. Ikkje nuk med det; han smilte til meg óg! Vel, det kan hende det var for at eg vart rimelig stressa, eller fordi eg nistirra på han... eller berre fordi eg rett og slett ser rar ut. Men det bryr ikkje meg.

sukk. Dette kan eg leve lenge på.

Helga: Terningkast 6.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Hmpf... Va du ute å slong rondtomkring nåva her igår, åso uten å gje lyd frå deg... Ej e rysta.. . :)

Anonym sa...

eg gir min helg terningkast 6 også! Lett!:D

Sasi sa...

Mi får ein 6`ar òg, for eg var heime og såg på mi lille prinsesse som eg nyleg blei tante til. Her går det i familie:D

Bastian, Gelika og Biasen...

jeanette_s sa...

heldiggrisen! eg og ve tante! hiiiiinntt.....

jeanette_s sa...

og Peder, neste gong kjem eg på besøk! forresten passa det fint med besøk i dag!

Anonym sa...

Ja det gjer d vel... Men no e ej havna på havet :) Blir her i 4 veke :) Men vi får ta d igjenn .. Du får sette av helga 13 el 14 april til en liten fest, opp me oss!!!! En formell invitasjon kjem ved eit seinare tidspunkt!

Monica sa...

Fnise, moro.