søndag, april 08, 2007

Mordet på storbonden.
Episode 3.


Dette har skjedd:
Det er gått nokre dagar sidan dei grufulle drapa på storgarden Sundal. Storbonden Rolf er tatt av dage, dette merkast både i fjøs og heim. Dei ekstremt produktive kyrene står med melkespreng og jur så store som vannmelonar, medan dei rautar sorfullt og ser mot inngongsdøra, i vente på at matfar skal komme tilbake (like før dei får jurbetennelse).

Jeanette, den utsvevande kunstnarspira har også stryke med i denne saka som synast å ende opp i eit grufullt masaker. Alle bevis var retta mot galne tante Turid som vart "ferska" i å helle ei mystisk veske i eit vinglas medan ho mumla "min, min, min......". Det viste seg at tante Turid ikkje hadde nokon onde hensiktar med den mystiske veska, men at ho i kjedsamheit tenkte ho ville sprite opp drinken og familieselskapet med nokre edle dråpar av rein 96% sprit. Som ho sa det så fint under familemiddagen " Eg går å tek meg ein pjolter! Det er heilt sikkert kjekkare å bygge kortstokkhus med Valgjerd Svarstad Haugland enn å vere i familieselskap med dokke "dølle" mennesker (Ho har lært seg eit nytt ungdomeleg ord i tigerstaden)!".

Konklusjonen er at slike mennesker som galne tante Turid og fashion fetter har nok med seg sjølve summerar detektiv Geir Egil Løken og blodhunden Era. Store i ord, men ikkje store i handling, seier Løken og klør seg i hovudet.
Igjen sit dei att med berre lause trådar og spørsmål, men inga svar. Vil vi få svaret før påska er omme, eller vil påskeharen ha pakka sekken og reist sin kos før saka blir oppklart?





Etter ei hektisk og tyngande veke bestemmer resterande av familien Sundal for å tilbringe nokre dagar på hytta i Stryn. Dei som er igjen er: Husmora Mia, odelsdottera Katrin, poshy Therese og den alltid like pliktoppfyllande sonen Jørn. Saman med dei reiser venneparet party Anne og snuskete Jan- og ikkje minst den sleipe svigersonen frå Oslo. Detektiv Geir Egil Løken og blodhunden Era blir med for å halde oppsyn.
Odelsdottera Katrin er allereide godt på ein snurr før dei entrar hytta. Detektiv Løken har mistanke om at ho går på extacy, berre for å gløyme det tragiske som har skjedd heime på garden. Mistankane blir gjort ikkje gjort til skamme, då Katrin ler seg skakk av at ho ser grøne grisar fly forbi hyttevindauget. Her er det best å halde augene opne tenkjer Løken, som skular utover stova for å sjå om han finn ugler i mosen.

Brått bankar det på ytterdøra til hytta. Utanfor står nabojenta Jannike. Ho smilar og er mjukare enn smør.
"Eg var berre tilfeldigvis ned i Stryn sentrum då eg kom på at eg kunne stikke oppom hytta dokka for å sjå korleis dokke har det"... "Eg er verkeleg lei for det som har skjedd heime på garden, derfor tenkte eg å vise mi omtanke med å ta med litt mat... Her e nokre påskeegg fulle av snop, ei lita kalkun, litt valdorffsalat, potete, svinesteik, nybaka bolla, russisk kaviar og litt champagne av den beste sort".... "Eg håper all den gode maten og drikka kan dempe litt av sorg dokke ber på i hjartet".... "Men no må eg stikke, eg har litt dårleg tida skjønner dokke".....Sa Jannike og forsvann fortare enn reven.
Familien Sundal(resterande) var overbegeistra over omtanka den snilde og søte nabojenta hadde for dei. Og kasta seg over maten som nokre gribbar som har vore på slankekur. Detektiv Geir Egil Løken betrakta det heile frå den mørkaste kroken på hytta, medan han atter ein gong klødde seg i hovudet. Noko han har gjort alt for mykje i det siste (tenkjer på håra som låg på haudeputa då han stod opp i dag tidleg).

Etter all den gode maten, og ei avslappandes middagskvile bestemmer odelsjenta Katrin og den alltid like pliktoppfyllande sonen Jørn å ta seg eit liten skitur for å trimme vekk nokre kilo. Løken blir med som bodyguard.
Husmora Mia, party Anne og snuskete Jan bestemmer seg for å avlegge ein visitt hjå munnrappe Ola. Derfor benyttar turtelduene den sleipe svigersonen frå Oslo og poshy Therese å tilbringe litt kjærleikstid saman på hytta.....Noko som kan bli for sterk kost hjå dei andre.


Etter nokre timars skigåing vendar odelsjenta Katrin, den pliktoppfyllande sonen Jørn og detektiv Løken tilbake på hytta. Eit skrekkingytande syn møter dei i døra. Der ligg poshy Therese, stein daud. Dråpar av blod renn frå munnen til poshy Therese, og det er tydleg at drapsvåpenet er ildraka som høyrer til peisen. Ho ser ut som ei ugle der ho ligg med auga sperra opp og munnen på vid gap tenkjer Løken. Dette er best eg ikkje nemner for familien, dei er vel ikkje akkurat mottakelege for nokre bisarre spøkar no... humrar han inne i seg sjølv. Frå spøk til alvor........


Brått oppdagar Løken ein samanknurva gul post-it lapp i hand til poshy Therese!! Odelsjenta Katrin og pliktoppfyllande Jørn gispar av sjokk og får frysningar nedover ryggen. Kan Therese i dei siste åndedraga ha skreve kven mordaren er??
Løken ber dei trekke seg tilbake idet han røskar den gule lappe ut av det blå og kalde liket. Han dreg fram forstørrelsesglaset som det skulle ha vore ein Magnum. Dei sjelvande bokstavane er ikkje lette å tyde, men med Løken sitt ørneblikk er det ikkje vanskeleg å sjå at der står " J-A......"
Kan dette vere initialane til den kalde drapsmaskina????!!! Og kvar er den sleipe komande svigersonen Jens MArius?


Ute i den kalde vinterstormen kan naboen "Sunden" skimte ein skikkelse baske ute i snøven utanfor familiehytta til the Sundals..... Kven er denne skikkelsen, og kva vil han/ho med akebrettet som har ei raud klovnenase på? "Sunden" tenkjer han får ta turen over for å fortellje Mia at nokon snik rundt hytta deira seine nattetimar....han må berre drikke kaffi fyrst og lese avisa i den gode lune og varme hytta si.......



Inne på eine soverommet til hytta ligg den sleipe komande svigersonen, inteanande om at hans elskede komande hustru er blitt brutalt drepen av ei ildrake.. Eller er han intetanande om det??...Og kvifor faldar han hendene som han skulle ha vore oppkome av Gud sjølv?
Den som søv syndar ikkje.............................
Forsettelse og siste episode kjem i morgon...

7 kommentarer:

Anonym sa...

Svært spennande!!

Anonym sa...

vi vil ha siste del og! kem kan mordaren vere???

Monica sa...

Ja dette var ein av dei bedre! Eg føler meg eitt skritt etter, akkurat som Mankell.

Gi oss siste del! :D

Kristin sa...

I morgon var jo i går... Spent

Anonym sa...

ikkje ein gang nrk slaar dette! eg er heilt stum av begeistring og litt av frykt. gler meg til avsloeringen!! -elin

Anonym sa...

Det er på tide med ei avklaring no snart. fleire av oss "impliserte" lurer på om vi snart får lensmannen på besøk eller om vi er utanfor mistanke.
Storbonden er elles stått opp frå dei døde, slik som det er vanleg i påska.

Anonym sa...

No er det vel på tide at 4 epsisode kjem, eller er det fortsettelse neste påske???