onsdag, september 09, 2009

Velkommen til bygget- liksom.

Då kan eg endelig konsentrere meg om å velikehalde bloggen min, etter fleire veker med vanskjøtsel. Eg beklaga på det sterkaste ovanfor mine lesara og ikkje minst min trufaste blogg over tørka. Men no er endelig Jeanette på nett! Om ein grin eller jublar må vere opp til kvar enklet person. Eg vil no framleis halde fram med å skrive, obsternasig som eg er.
Sidan sist: Har flytta inn i ei perfekt leilighet heilt for meg sjølv. Nokon vil kanskje kalle dette skryt, men det er ikkje langt ifrå sanninga i det heile. Bygge er gammalt og fint, men er totalrenovert inn i, so leiligheta mi er vel knappe eit år gammal. Kva er fordelen med å bu her? Jo- det skal eg fortelle deg. Alt er lyst og fint. Beire standar kan ein knapt finne. Bygget har heis, som var eit ekstra pluss då eg skulle bære dei to tonna med flyttelass ved innflytting. Fin parkett, deilig oppvaskmaskin, mykje skåp og skuffer til alle kleda mine (Nesten det viktigaste) og ikkje minst terasse både utanfor glaset mitt og opp på taket der eg kan nyte det fortreffelige veiret vi har no! Dessutan, den ligg rett ved både Biskopen og Naboen. Beire selskap kan ein vel knapt finne.

Ellers har eg som hør og bør blitt ønska velkommen av ein av dei firbeinte her i bygget. Trur rett og slett han ikkje likte andletet mitt. Såg det på blikket hans med det samme eg nærma meg inngongsdøra for å låse meg inn. Ei lita rotte av ein hund stod å snusa på posen eg hadde satt ifrå meg for å frigjere hendene til opplåsing av dør. Og kva skjer der? Joda- den lisje djævelen løfta på bakbeinet sitt og skvetta ein liten gul foss på posen min. Eigaren vart sjølvsagt forfjamsa, og reiste seg opp i ei fart for å finne noko å tørke av urinen med. Eg, som igrunn er veldig snill og grei sa at det ikkje gjorde noko og starta med å pakke ut tinga av posen. Ikkje faen om eg skulle ha med meg den opp i leiligheta. Vel, han unnskylda seg vertfall hundreogførtitre gongar. Og eg sa kjekt "jaja.....Eg veit korleis det er, eg har hund sjølv!". Det eg ikkje nemnte var at min hund er heime i Kjølsdalen, og ikkje på langt nær so frekk som han sin hund. Makan! Tusen takk for den velkomsten liksom.....

2 kommentarer:

Mari sa...

haha:) Genial velkomst!
Godt du er tilbake med blogginga!

jeanette_s sa...

Thænk you!
Godt å vere tilbake og!