måndag, oktober 05, 2009

Bonderomantikk.

I skrivande stund sit Jeanette godt forkjøla under eit teppe i sofaen med ein stor kopp te i handa. Eg håpar dei varme dråpane vil lindre den såre halsen og groande feberen som ventar straks rundt hjørnet. Eg visste og innsåg sjølv at eg ikkje skulle ha gått ut i dag, men dagen har vore nydelig! Sjølv om det har vore iskaldt ute, so har sola vore meir framme for å underhalde oss- enn bak sitt sceneteppe; skyene. Og forestillinga var blendande vakker!

Sit å ser på 'Bonderomantikk' på tv. Kjenne eg både blir flau, glad og trist på deira vegne. Pinleg å sjå damer som famlande framførar sine heimemekka dikt til sin friar, glad over å sjå at romantikken blomstrar på ekte vis mellom bonde og deltakar, og trist når nokon har blitt forelska og blir stemt ut på hjerterått vis. Eg kunne aldri ha vore med på noko sånnt kjenner eg. Då hadde eg sikkert berre blitt stempla som rar, gal og overhysterisk. Alt på ein gong.
For tenk om eg verkeleg hadde blitt forelska i ein 'bonde' (vel, eg er jo ein bonde sjølv då...)? Og i tillegg blitt dumpa på tv?..... Ikkje nok med at ein skulle fått hjertesorg, men i tillegg hadde det blitt vist til nesten heile Noregs befolkning.

Flott tenker eg. Som om ein ikkje har nok med livet sitt 'bonderomantikk'. Og alle utstemmelsane som blir gjort i hytt og pine der. Diskuterte med ei venninne i dag. Har funne ut at eg ikkje er laga for å vere singel. Eg trivast best i tospann. Singellivet er svært oppskrytt. For det fyrste er det kjedelig å lage kjøttkake og søndagsmiddag berre til seg sjølv. For det andre er det ok å ha ein armkrok å krype inn i når vinden ular og regnet piskar mot ruta som værst. For det tredje er det greit å ha nokon å bli irritert på når oppvasken ikkje har blitt vaska opp av seg sjølv (Litt vanskelig å skulde på nokon andre når ein bur heilt aleine). Ellers er det kjekt å ha interne ting å le av som BERRE den andre personen skjønnar. Ok, la ikkje det berre regne i Bergen, la oss heller syng 'It's raining man'. Helst ein litt rar mann. Det hadde vore til stor hjelp.

3 kommentarer:

Mari sa...

Eg må få med meg bonderomantikk, men syns det e dritflaut å sjå på!! Gu beire så mykje rart Calle seie. E det bare meg som syns han e litt perversj?

jeanette_s sa...

Eg må berre le av han. Vart heilt satt ut av alle dei perverse tinga han seie. Som at han elska sex. Bra det, men du trenge ikkje seie det på tv2 i beste sendetid!

Mari sa...

Nei, visse ting kan man holde for seg sjølv! Ikkje eit sjekketriks akkurat...