laurdag, oktober 10, 2009

Jabba.

Ei deilig sviske av ein hund. Full av rynke og gode hudfoldar som ein kan kose flat. Som om ein aldri får nok av kosinga, og berre må ha meir meir og meir. Snorkar, gryntar og lagar mange rare lydar som berre eigentleg kan komme frå ein gris- men dei kjem frå Jabba.

Har hatt ein kjempe koselig og deilig laurdag. Møtte mitt kjære søskenbarn til frukost på Kaffelade. Leika deretter rundt i sentrum med Jabba og fine snilde Mona. Måtte gå i 'barnetempo'- sidan vi eigentleg hadde med oss berre barnet. Jabba er 5 mnd gammal. Folk stoppa opp for kvar meter vi bevega oss, alle ville ha ein bit av den deilige klompen. Kaka toppa seg då jabba vart tissa i fjeset av ein anna stor og stygg hund. Det vart heldigvis for gløymt. Mykje inntrykk å ta inn for ein sånn liten krabat.

Åt pizza og kosa oss på kontoret. Leika i parken ved slottet. Tok bilder, rulla oss i graset, tryna i graset, underheldt turistar som mest sannsynleg trudde vi snakka islandsk og åt sjokkis. Akk, deilig med sol og hygge i Bergen:) Eg er forelska i Jabba, men selvfølgelig ikkje over deg min gode gamle Era.

1 kommentar:

Mari sa...

Gu ka nydelig vofs!!