søndag, oktober 18, 2009

Problem med musa.

Ja, eg veit. Det høyrest særs perverst ut! Men hadde faktisk ei ulykke med musa mi her hin dagen- altså 'musepaden' på dataen. Hadde ein koselig fredagskveld for meg sjølv, åt litt sjokolade og tok meg ei øl berre for å toppe luksusen heilt.

Satt å chatta med ei venninne då eg skulle ta ein liten slurk av øla. Idét eg skulle svelge ned den munnfulle supen så svelgte eg altså i feil hol. Øl spruta utover alt, eg hosta og harka, og både dataen, badekåpa eg satt i og pledde eg hadde rundt meg stinka av fyll. Eg kunne jo ikkje anna enn å le av meg sjølv, så då gjekk det no sjølvsagt ekstra gale. For å seie det sånn so var det øl over ALT!

Til min store fortvilelse so slutta 'musepaden' å virke. Eg vart nesten litt hysterisk der eg febrislsk sprang inn på badet for å hente hårfønaren. Ja- eg føna dataen min som ei slags livredning. Dataen sin svar på munn til munn metode. Men forsatt ville den ikkje virke.
Då ringde eg systra mi, som gjerne har litt peiling på data. Eg ropte ut at eg hadde problem med musa mi! Og forståelig nok hørte eg ei kremting i den andre enden "Det trur eg nok du må ordne opp i sjølv" sa hon. Men eg fekk oppklart saka og ho kom med nokre triks her og der. Men forsatt ville ikkje musa virke. Til sjuande og sist tipsa ho meg berre å slå av dataen og la den tørke over natta. Ho ønskte meg lykke til med musa og la på.

Og som dokke sikkert skjønna. Musa har tørka inn og er god som ny. Kjem forsatt ein liten odør av fyll og fanteri når eg trykke verkelig fort på tastane- men det får eg berre leve med. Så lenge musa er i god behald!

3 kommentarer:

Mari sa...

haha:) alltid kjipt når ikkje musa er som ho skal:)

Anonym sa...

HaHA!!! Den va morsom, Jeanette!! :) Godt at musa fikk tørke se litt, og at gamledatan fremdeles holder mål!! :)
Klem jenny

jeanette_s sa...

hih...Men no leve dataen i beste velgåande. Eg vart litt skuffa over meg sjølv, sia du har hatt den i nåken år, ogso skulle liksom eg greie å øydelegge den....

phu, men alt e berre fint!