fredag, november 26, 2010

Kjempeviseslåtten.

Flott! No har eg fått ein song på hjerna. Såg eit program på NRK i går om ekstremsport. Livsglade menn frå Sogn og Fjordane som ville selge eventyrlege opplevingar til turistar.


Eg kjende eg vart dregen inn i adrenalin-kicket deira då dei segla over Folgefonna med fallskjerm. I bakgrunnen spelte dei eit stykke av Harald Sæverud; Kjempeviseslåtten. Og av ein eller anna grunn kunne eg ikkje sette fingeren på kva stykke det var. Men eg kjende at eg hadde eit slags forhald til den songen.


For dei som kjenner til dette stykket, så startar det i det små- og bygger seg opp til å bli heftig og mektig. Eit godt musikalsk eksempel på korleis ekstremsporten må kjennast ut. Avsluttinga tek pusten av ein kvar mann!

Ut av det 'blå' vart eg plutselig irritert på dei suggerande tonane. Men eg visste ikkje heilt kvifor. Og til meir eg fekk høyre av stykket, dess meir irritert vart eg.
Plutselig kom eg på det! Eg kjende ein gong ein mann som kunne akkurat dette stykket, og ja, ikkje så mange andre stykker på piano. Hadde pianospelinga vore ei plate, så hadde det garantert vore hol på akkurat dette sporet! :)


Eg måtte le litt for meg sjølv. 

Ikkje rart musikk blir brukt til å få demente til å hugse livet sine små blackout.

2 kommentarer:

Marianne sa...

Du skriv veldig godt , Jeanette. Veldig kjekt å følgje med på bloggen din. Eg håpar at du ikkje har noko imot det?

jeanette_s sa...

Takk! :)
Sjølvsagt ikkje! Det e derfor bloggen ligg ute på nett ;)