tysdag, november 23, 2010

Oslo.

Eg vakna og tørka søvnen ut av augene. Andletet hadde avtrykk etter mønsteret i puta, og eg var fuktig på kjaken etter å ha sove med munnen open. Puta hadde ein våt stor flekk eg ikkje ville vedkjenne meg.  

Stemninga i lugaren var roleg i den monotone duren av toget si stigning over fjellt. Dei fleste sov, men nokre få hadde ei bok dei satt fordjupa med nasa i. 
                            Phu. 
Ingen hadde sett at eg diskrét tørka den fuktige randa i munnviken. 
Ved sidan av meg satt han med sixpencen. Eg smile for meg sjølv der han satt med munnen open og hatten trekt godt nedom augene. Eg tok han på nasa, men han reagerte ikkje.

Ute durte den mørke kvelden forbi. Lysa i dei lune stovene, snøven som virvla idé toget rasa gjennom landskapet og hutrande mennesker på perrongen lagde ei kribling i magen. Eg renska meg ei mandarin og kvinte inn i meg av ei barnsleg glede; snart JUL!

Eg såg på minnene som hadde festa seg i kameraet. Therese og Jens Marius som smila stolt mot sin fyrstefødde; Marius- den finaste eg har sett på lenge! Han som allereide etter berre litt over to veke ut i verda, såg ut som han skulle brekke seg av "jentelus" då eg kyssa han 'hade' på kjaken. Og som har stor runde auger som observerar når tante Katrin og tante Jeanette lagar rare grimaser til han. 

Jannike er óg inn i kameraet. Men av uviss grunn likar ho å vise fram handa si. Eg trur kanskje ho synast den er fotogen, der vi sit på Kaffibrenneriet og gjer narr av opererte damer med overdimensjonerte lepper og bryst. Frognerfruer lenge leve!


- Eg blar vidare i 'boksen' med minner.

Eit bilete er av meg og Sirianne på eit hotellrom, der vi pratar laust om livet kjærleiken og alt anna som måtte romme verda. To bileter seinare står eg i snakk med ein ukjend mann på ein bar. Mannen som fekk øla mi etter eg hadde tatt ein minislurk av den; Eg kom på at alkohol ikkje er bra for sinn og kropp. Han fekk den med eit raudt leppestiftmerke på og ei dose god moral. Eg var flink og vart henta tidleg av systra. Akkurat som i gamle dagar.

Eg tek eit augeblikk kvile frå bileta på skjermen. Etter eit raskt overblikk i lugaren kjennast det som om tida der inne har stått stille. 
-Kaffilukta pirrar nasa. 
Nokon har kjøpt seg ein kopp kaffi. Hovudet lar seg ikkje be to gongar. Eg hentar meg ein kopp frå resturantvogna og forsett mi ferd gjennom opplevingane på turen.


Med dunsten av nykverna kaffi dukkar Sol sitt blide ansikt opp. I ei stove omringa av tre andre fine vesen. 
Bileta syner eit samensurium av bulldog med for mykje hud i trynet, Mona i ekte husmorstil ståande over 'takka' for å lage nydelig frukost til dei to rare jentene som har komt på besøk, og Marius med kniv i handa- heilt dedikert til konstruksjonen av 'pepparkakelåvehuset'! 

Eg ler stille for meg sjølv.


Akk, for ein fin bukett av folk, tenke eg medan eg tok meg ein slurk kaffi. 

Eg let at augene og lar duren av toget dysse meg i søvn igjen, før neste stasjon er Bergen....

 

4 kommentarer:

Margrethe sa...

Herlig billedserie. Jeg føler respekt for alvoret dere bygger med og legger merke til at dere pyntet veggene før dere limte huset sammen. Neste helg skal jeg bygge pepperkakehus med to av tantebarna mine, skal ta med meg det tipset, samt fotografere underveis. Så kan jeg også snope i minnboksen etterpå. Takk for god stemning!

Myrna Braza sa...

Sååå kjekt å se at du og har en blogg! Den skal jeg følge, gøy! ;) Kjempfin bildeserie!

SV: Tuuuusen takk, Jeanette! Yeeeay, er bare å stemme i vei, vi lover å gjøre vårt beste! Du er go' <3

jeanette_s sa...

Takk for det begge to :)

Margrethe: Ja, litt meir praktisk å pynte det viktigaste før ein sette det opp. Alt snope har ein tendens til å skli fint ned av veggen dersom pyntinga skulle ta litt av undervegs:)

Myrna: I like måte! Blir super kjekt å følge deg på tv! :)

Frøken Barmen sa...

Så kjekke bilete:) (PS: den bikkja der var så fin at eg døyr! Er det di?)

Lurer forresten på om eg kjenner deg igjen, langt bak i hovudet. Viss det er du med luggen? Spørs om vi ikkje har passert kvarandre nokre gongar på Sogn og Fjordane-meisterskap for korps ein gong i tida?! :)