laurdag, desember 04, 2010

Fairytale of Kjølsdalen



Kjenne du kriblinga i magen? Eg får lyst til å hoppe opp på bordet, svinge på finstasen og synge høgt medan eg drikk juleøl frå seidel!
I skrivande augeblikk dansar eg rundt på stovegolvet og drøyme om juleferie heime i Kjølsdalen. God blanding av gammal bonderomantisk jul heime på garden, rølp i samfunshuset med gamle kjende, aking på kjelke, bestemor som kommandera frå vindauget "NEI!! Ha dei HØGARE opp!" når vi barnebarna heng juletrelysa opp i den ein gong kjegleforma eina ute i blomserbedet (halve nedre- del er blitt oppeten av kaniner frå då Jeanette dreiv med kaninavl) og mamma si ribbe.

Om dykk trur jul heime er avslappande, må dykk tru om att igjen. Huset får plutselig tre- fire ekstra høglytte mennesker- der det ellers brukar å vere ein pappa, ei mamma og ein bror. Pluss ein golden retriver. Både huset heime og huset til bestemor skal pyntast etter kunsten sine reglar. Noko som betyr at all julepynt skal stå akkurat der den stod i fjor, i forfjor- og alle andre julehøgtider før der. Er nissen som Jørn laga då han gjekk i barnehagen plassert feil, blir det 'ramaskrik' i familien! For å ikkje snakke om dei norske flagga på juletredet. Etter mykje diskusjon i mange år har vi endelig komen fram til eit kompromiss; Mamma som absolutt VIL ha flagga i juletredet, og vi ungane som IKKJE vil ha flagga i juletredet. Dei heng no nederst på greinene på tredet. Der nesten ingen kan sjå dei.

Også er det maten då. Maten kunne eg ha skreve eit heilt kapittel om. Det er mat til alle døgnet sine tider. Under frukosten diskuterar vi (les; mamma) om kva vi skal ha til lunsj. Under lunsjen diskuterar vi(les;mamma) kva vi skal ha til middag. Og under middagen diskuterar vi(les;mamma) kva vi skal ha til kvelds. Og sånn går no dagane.

Men inn i mellom kan plutselig juleroen senke seg over familien. Når alle har fått for mykje mat, peisen knitrar i bakgrunnen og tv'en pludrar på med teikneseriar; Då ligg pappa og søv i éin sofa, Jørn i den andre, mamma i stolen og alle døtrene pluss hund- der det måtte vere rom til dei i herberget. Då kjenner ein kva jula dreiar seg om. Og som i fjor og alle andre juler før der, så blir vel den komande jula på akkurat det same viset. Og godt er det! For tradisjonar er tydeligvis ikkje til å rokkast hjå Fam. Sundal.
DÅ blir det ramaskrik........

2 kommentarer:

Anonym sa...

Same procedure every year, Miss Sophie! :)

Stine

jeanette_s sa...

Yes, miss Sophie!