tysdag, desember 14, 2010

Sitt, for pokker.

Vi er på kino og ser 'Hjem til jul'. Ein film om håp, savn, kjærleik, litt svette nakne kroppar- og ellers om små enkle gleder.
Ok, filmen var kanskje ikkje heilt som alle forventa då der ikkje var nokon fantastiske høgdepunkt eller hylande komiske scener. Men den var sart, vakker og til ettertanke. Noko folk treng i førjuls-tida.


Ikkje alle ser den tydlegvis. Avsluttninga har vakre bilder, fin stemning og nydelig musikk.....men nei, folk MÅ reise seg opp nesten før filmen er ferdig! Kva med å nyte den heilt ut? Kjenne etter og la stemninga synke inn? 


Eg blir forbanna. I "protest" satt vi i kinosalen til neste alle var gått ut. Dustefolk!

2 kommentarer:

Frøken Barmen sa...

Amen! Folk er idiotar. Ting som dette er grunnen til at eg nesten aldri går på kino lenger, fordi eg berre blir sitjande og hate alle som hostar/pratar/knitrar med papir/skriv melding på mobilen/rører seg for mykje/ler på feil plass/går før filmen er slutt. Arrgh!

jeanette_s sa...

Skikkelig irriterande!
Ka med å ta hensyn til andre i salen? Sit ikkje lenger i si eiga stove....!