tysdag, mars 07, 2006



Eg hata Telenor, og Space worl der eg eg "kjøpte" min mobil..... eller rettare sagt fekk den igjen på forsikringa.

Ein svensk lurendreiar på Space world fekk meg til å tru at dersom eg overførde mitt gamle abonnement, altso frå mobilen min som vart stjålen, til den nye mobilen som eg fekk igjen på forsikringa. So kunne eg om ca. to mnd. (altso då bindingstida mi gjekk ut) velge og vrake i abonnement av den billigaste sorten. Detta va KJEMPE lurt sa han.....

Vel, bindingstida mi i djuice gjekk ut 11. februar. Eg bestillte eit nytt abonnement i Chess, sidan eg har haurt det ska vere det beste. Eg fekk tilsendt eit nytt sim-kort, då mitt galmle vart deaktivert. Glad og fornøgd tok eg det nye sim-kortet i min mobil....Einaste meldinga eg fekk opp på skjermen var då følgande: "Sett i riktig sim-kort....."

Etter å sett tida an, og sim-kortet forsatt ikkje verka på mobilen min....begyndte blodet å bruse i årane mine, og det va like før eg kasta heile faenskapet ut i gata so ein trailar kune kjøyre på den...

Eg ringde chess (satt i ein halv time før eg fekk svar;...."Du rykker stadig fremmover i køen"..) Men dei kunne ikkje hjelpe meg. Deretter ringde eg Telenor. Dei kom med den gledelige nyhenda om at mobilen min var sperra for andre sim-kort (noko eg faktisk allereide HADDE oppdaga..) og at den sperre ikkje åpna seg før eg hadde hatt mobilen i eit år. Skulle eg bytte abonnement måtte eg KJØPE ut mobilen, eller få tak i ei kode som åpna mob. min for andre sim-kort!

jaja... tenkte eg. Space world kan hjelpe meg, dei e alltid so snilde og behjelpelige når eg e der ellers. Koda e i boks tenkte eg.

Der tok eg retteleg feil. Det vise seg at Space world gutt'a berre e behjelpelige ovanfor Telenor fuckings kunda, ikkje til andre som har konvertert til t.d. Chess... som by the way e blitt Netcom (jejej... ska bli ein hyggelig sommar i Kjølsdalen...ned til hovudveien kvar gong eg skal sjekke om eg har fått melding grunna manglande dekning)

Eg forklarte saken nøye. Om at svenskemannen HADDE sagt til meg at dette va KJEMPE lurt, og at eg faktisk kunne skifte te kva abonnement eg ville ette bindingstida va gått ut. Ein vesentleg informasjon han hadde unlatt å fortelle va at mobilen forsatt då ville vere sperra for andre sim-kort enn Telenor sine.....Lite visste dei då om at Chess ville bli Netcom...

Uansett kva han hadde sagt eller ikkje. Dette BURDE eg ha sjekka ut sjølv. For det står FAKTISK på mobilboksen som eg får når eg kjøpte den...So dette var ikkje deira problem, sa den åndssvake mannen på Space world. Han fekk vertfall ikkje eit smil av meg, der eg trampa sur ut av butikken med leppa i ein spennt boge.

Kanskje eg e ei "blåauga jente" eller kanskje eg rett og slett stola for mykje på gribbane der ute i den store stygge verda. Eg har vertfall kome til den konklusjonen om at folk som viser seg å vere rævesleikara og ufattelig spyhyggelige... so e det berre for at det gagnar dei.

dumme dumme mennesker....

6 kommentarer:

Sasi sa...

Sånn è det, verda er ein stygg plass for snille jente som deg. Eg so skulle bytte tilbake te CHESS igjen, det gidd eg ikkje no nei, då kan eg no likesågodt ha Netcomabonnementet mitt.

Monica sa...

Om du sende ein mail til chess og forklarer dekninga i Kjølsdalen så får du behalde telenor sitt nett. Eg gjorde det sidan eg ikkje hadde hatt dekning heime i tilfelle.

Menneske som prøver å selje oss prøve alltid å lure oss til eit eller anna sjølv om dei igrunn ikkje trur det sjølv fordi dei kan alle reglar og lover på rams og trur vi og kan det..

jeanette_s sa...

Ingen vits i å behalde chess når eg må betale meg ut for å få åpna mob. min... då ve det berre koste meg meir. faktisk 600 kr. ve det fyrste gebyret komme på, deretter må eg bet. 40 kr. i mnd. Berre å bite i det sure eplet.

Anonym sa...

Kanskje vi burde gå tilbake til telefonboks og brev som kommunikasjonsmiddel?

Sasi sa...

Eg satse på telegram i framtida.

Trine sa...

Telefax er jo også sterkt undervurdert.