fredag, mars 24, 2006

Endelig helg!


Lås att døra, hald ungane inne, steng av vatnet i fontena, set gitter framføre glasa og ha på dokke vernesko!

Høyanger her kjem vi!!

Staden vil aldri bli den same etter dette...

Som sagt skal vi te Høyanger i dag/måra. Eg er svært redd for at det vil bli mykje melankoli på turen, sidan eg i min pure ungdom var så heldig å få bu i denne gudsforlatte hola (no offence...)
Eg budde som sagt på hybelhuset, eller"rottereiret" som dokke utanforståande ville ha kalla det.
Sjølv om eg aldri so mykje som hata denne plassen over alt på jord, so e det ikkje til å stikke under ain krakk at vi som budde i dette huset hadde det FORFERDELIG morosamt til tider!!

Vi målte "i know what you did last summer" i raud maling på glaset til hybelhus 2, og observerte det heile... Visse jenter vart hysterisk skremde, men ingen ville innrømme det dagen ette på at dei vart dét. Alle la skulda på raud-russen, sidan det var midt i russetida. Godt planlagd av oss!

Vi hadde óg besøk av politiet, etter at eg og ei venninne skulle lure eine sambuaren vår.

Medan ho var reist heim for helga, såg vi vår sjangse til å spele hon eit puss. Glaset hennar var nemmelig ikkje att lete, so vi sneik oss inn... tok med oss ein kondom vi hadde fått av helsesystera same dagen, fylde den med såpe og la den i senga hennar.

So reiste vi heim til kvar vår heimstad for helga.

Då søndagen kom, og vi var vél på plass att i Høyanger og hybelhuset, var vår kjære venninne allereide på plass (kom attende ca. 1 dag før oss)... Ho kunne fortellje at ho hadde hatt besøk av politiet; Fordi nokon hadde brote seg inn på hybelen og hatt seksuellt samkvem opp i senga hennar. Kondomen var t.o.m. godt brukt! Politiet hadde tatt med seg objektet som bevis, og dei var no klare for å analysere "sædprøva" for å finne ut kven som var gjerningsmannen....

Med bleike ansikt måtte vi berre fortellje at det faktisk var vi som stod bak heile plottet..Og hon reagerte heldigvis i "sprutlatter"... før heile gjengen te slutt låg paddeflate på golvet og lo!:)
Vel, vi røpte aldri vår historie til politiet. Vi har heller aldri fått svar på desse prøvene som dei tok av kondomen.... Trur kanskje onkel politi er ein anelse flau..sia innhaldet faktisk var Lano.

jaja.... Lano for liten og Lano for stor:)

Må berre minne dokke på at det faktisk SNART er påske!!
Ka passe betre då enn eit påskebilete ifrå stryn??




3 kommentarer:

Trine sa...

Oioioi, skal sei grunnlaget for rølp og fjas er lagt både godt og solid! Flott forarbeid, eg er stolt av deg!

Monica sa...

Hahaha, eg ler meg skakk! Dette var ei moro historie!

Eg har faktisk budd på hybelhuset eingang eg og..

Lykke til med å innta Høyanger!

Trine sa...

Du, jeanette, eg vente jo på at du skal oppdatere her! Eg har jo sjekka fjorten ganga siden i går:(