måndag, mai 01, 2006

Langhelg!


No e det endelig blitt mai! Sola skinn, fuglane kvitra og vårkåte bergensara spring rundti gatene å ropa; HEEEIIIA BRAAANN! Ikkje so rart kanskje, sidan dei vann over Vålerenga i går. Kjende nesten eg måtte trekke på smilebåndet. Eg lika jo tross alt ikkje "Klanen". Ette eit halvt år i Oslo so har eg dei langt opp i halsen!!

Torsdag hadde eg, Kotsasi og Ingvill ein morsom oppleving! Vi gjekk frå ein utestad pga. ein gjeng me KRIK-folk....
Vi hadde tatt turen til Skotsman, berre fordi dei hadde veldig billig øl der. Vi satte oss innerst i eit hjørne, prata og koste oss me kvar si øl.

Brått vart vi invadert av ein skokk med desse gla kristne folka. Det va so vidt dei ikkje satte seg opp på fanga våre, tok frå oss øla og stemmte i med ein allsong!!

Aldri har eg sett nokon danse so heftig swing utan å ha alkohol innanbords! Arma lår og bein flaug veggeimellom. Vi tre satt berre der og måpte, ute av stand til å kunne ha ein samtale med kvarandre!

Til slutt sa ein av oss: "eehhh.... ska vi gå?"

Då gjekk vi.

Ellers har langhelga vore ganske roleg. Utan om visse krumspring med cheesedoodles eting me gaffel, feiring av Brrrrrrann sinn siger mot Enga, heftig smågodt eting på hybelen te Ole (Ole synst meg og Synnøve va øsne!..??)kronekasting på Finnegans, joggetur på fløyen og dvd sjåing.

Med andre ord ei vellykka helg!

5 kommentarer:

Sasi sa...

Krikfolk skulle hatt forbud om å gå ut på drikkeuteplassar, snakk om å drepe stemninga. Berre brøytar seg fram og set seg rundt oss, som ein mur. Huff!

Monica sa...

Kristne folk kan vere vel så slitsame som alkholiserte fråseparerte småbornsforeldre..
Eg trur vi må ha skotpremie på dei.

Anonym sa...

Eg e nesten hundre prosent sikker på at de va Sasi som ville gå først... Kan det stemme?;)

Me på fest på fredag, Jean??

JJAAA!

Sasi sa...

Det var faktisk Ingvill som ville gå før desse folka dukka opp. Når dei kom såg eg og Jeanette på kvarandre og så såg vi på Ingvill mens vi sa i kor: JA", vi går"

jeanette_s sa...

eg e me på fest fredag! hehe.... det va nuk ingvill som ville gå fyst:)... mne vi va heiiilt enige me hon!:)