torsdag, januar 25, 2007

Fordelar med å vere Kitch'n jente.

- Eg får drikke så mykje kaffi eg vil.

- Eg har blitt bedd med på kvalifisering til NM i barista i dag (Altso, ikkje eg som skal kvalifisere meg..) to gongar av to forskjellige menn. Ha! Kor ofte e det det skjer liksom??

- Eg får skryt av snilde mennesker.

- Og kjeft av ei som påstod eg ikkje pakka tallerkenen godt nuk inn (Kom "klirrelydar" påstod ho). So ho ville absolutt pakke sen inn sjølv ( i silkepapir)..... Det kom "klirrelydar" då og faktisk! makan....

- Eg får trent styrke og kondis før eg går på jobb... sia eg som oftast startar arbeidsdagen på ettermiddagen. Unskyld kjære naboar dersom de trudde eg "hadde" med her forleden dag.... Det kan eg avkrefte. Trente berre spensthopp:) Derav "Spjong" lydane.


Lenge leve kitch'n som eg berre har to dagar att på....*snufs*

Ps. Trine legg snart ut på fleire bileter... www.trinesskattekiste.blogspot.com

1 kommentar:

Anonym sa...

oi, ny jobb?? hen da??? elin