torsdag, januar 18, 2007

Spiderwoman!

I morgon ska eg vere spiderwoman.

Eg skal klatre på Fanetoft. Og ikkje for å skryte, men eg trur eg har anlegg til å klatre. Eg tenkte ta på meg latexdrakta mi, den med edderkoppnett på ryggen. Eg ser for meg at eg slenger meg frå vegg til vegg, frå det eine "henget" vanskligare enn det andre. Og det beste av alt. Eg treng ikkje sikkerheitstau.

For eg kan klare alt.

Stygt redd for at "dei vakre" i nygårdsgata 82a er sterkt inspirert av "Sex og singelliv" for tida. Vi slenge på oss dei raude pumpsa, flagrande designar gavantar, drikk cosmopolitan og martini til vi ligg vannrett på parketten, går i gatene som vi skulle eige dei og ikkje minst datar menn som anten er berømte eller som er spennande kunstnerspirar som har reist verden rundt til eksotiske dalstrøk ein kun har høyrt om i eventyrbøker....

På tide å komme ut av bobla no. Snart ferdig med sesong 6, disc 3.

Berre to att.

Grøss, gruar meg til "hangoveren".....

1 kommentar:

Anonym sa...

Vi må berre bjønde oppattepå me sex og singelliv..eg har komt ut av ei boble som eg likte meg so altfor godt i! Verda utanfor ekje like moro!