laurdag, mars 21, 2009

Boktjuven.



Alltid når eg har avslutta ei bok får eg ei slags tomheitsfølelse inn i meg. Mest fordi eg leve meg sånn inn i historia som står skreve i boka. Eg tek nesten med meg fantasien ut i kvardagen. Akkurat no har eg avslutta 'Boktyven'. Boktyven er ei skildring av omstendene i nazi-tyskland under andre-verdskrig. Ni år gamle Lisel sine foreldre er blitt sendt i konsentrasjonsleir, og Lisel bur hjå fosterforeldrene i Himmelgata i Munchen. Ein dag dukka jøden Max Vanderburg opp og får holde seg skjult i kjellaren til familien. Lisel sin fosterfar lære henne å lese, og ho oppdaga fort at hon ikkje kan motstå bøker. Derfor stjele ho dei, og dela historiene med naboane i bomberomet og Max. Ei fantastisk rørane, men og ei djupt trist bok! Nåken som har forslag til fleire gode bøker eg kan lese?

1 kommentar:

Mari sa...

Eg òg får den følelsen. Litt kjipt at man ikkje får følge folka lengre! Virka som ei god bok! Eg har lest masse bøker fra 2. verdenskrig og då sete man spesielt igjen med ei tomheitsfølelse etterpå. Tenk at folk kan vere så stygge med kvarandre! Og det e kje lenge sida heller.