søndag, august 23, 2009

Sushi og rosé.

Nydeleg veke med god mat, latter, glede, konsertar og kribling i magen!;)
Sjølv om det har regna ute, så er det sol inne.

Onsdag var eg så heldig å få oppleve Coldplay live på Kohengen. Eg fekk gåsehud, tårer i augene og følte meg vannvittig lykkelig over å faktisk sjå dei i levande live. Chris Martin hadde ein eineståande energi på scena, der han sprang rundt i si kule uniformsjakke. Det var rett og slett magi å sjå utover folkemengda med anten mobilar eller lightera i handa viftande over ein mørkelagd Kohengen, opplyst med gigantiske ballongar det det sto "viva la vida". Sjølvsagt toppa det heile seg då dei spelte 'yellow' og dei slapp ut mange titalls store gule ballongar. Sukk. Det kan eg leve lenge på:)

Hadde ein fantastisk kveld i går med ein god venn. Gjekk på by'n, åt sushi på Sumo og drakk god rosé-vin medan vi snakka om livet og leika oss med andre på Pingvinen utover kvelden.

I dag skinne sola over Bergen og livet er GODT å leve!
Gledar meg stort til tirsdag!

Ha ein fin fin søndag kjære folk! I kveld har forresten Bergen Improlaug oppstart igjen på Ole Bull scene. Verdt å få med seg.

2 kommentarer:

Mari sa...

Så bra at du likte konserten! Dei er fantastiske:) Skulle gjerne ha vore der sjøl!

jeanette_s sa...

ja, den va nydelig.... skikkelig god stemning.