onsdag, januar 13, 2010

Vanedannande.



Eg elska kaffi- og lukta av nykverna kaffi tidleg om morgonane. Spesiellt i helgane; ute på terassen ein solfyllt morgon akkompagnert med fuglekvitter og dagens avis.
Mykje historie og jobb ligg bak ein liten rykande kaffikopp. Etter olje er kaffi den største lovlege omsetjinga av råvarer på verdsmarkedet. Ein reikna med at over 100 millionar mennesker er innvolvert i kaffiproduksjon og handel totalt.


Det eldste sporet vi finn etter kaffi er ei 1500 år gammal historie frå Etiopia om gjetaren Kalid.
Kalid la merke til at geitene oppførte seg merkeleg etter at dei hadde ete ein plante med raude bær. Geitene fekk nemmelig ikkje sove om kveldane. Han fortalde det til ein munk som fatta interesse for dette fenomenet og helte varmt vatten over dei raude bæra. Munken hadde tidlegare hatt problem med å halde seg vaken under bønnestundande, men ikkje no lenger. Om historia kan verifiserast seiast det ikkje noko om.

Det som er sikkert er at små kaffehus dukka opp i Midtausten for litt over 500 år sidan. Det tidlegaste ein kjenner til var eit i Mekka i år 1470. Årstalet kan sjåast i samnheg med oppblomstringa av Islam, og folk kunne ikkje lenger nyte vin eller anna alkohol grunna trua si. Kaffehusa utvikla seg til å bli eit sosialt samlingspunkt for å diskutere politikk, spele sjakk og høyre på musikk.I 1647 fekk Europa sitt fyrste kaffehus. Men det var fyrst når det enda opp hjå Britane att kaffehusa tok verkeleg av.

I dag reiknast kaffi forsatt som eit sosial midtpunkt og ein grunn til å ta ein prat- "over ein kaffi". Kaffi er blitt eit viktigt midtpukt i kvardagen. Mange startar gjerne dagen med ein kaffi eller to på grunn av den oppkvikkande effekta. Og hjå meg er det ingen unntak. Ingen god start på dagen utan ein deilig rykande fersk kopp med kaffi....

5 kommentarer:

Mari sa...

Eg går nok glipp av noko eg som ikkje drikk kaffi...

jeanette_s sa...

Dte gjer du! Start å drikk kaffi no!

Mari sa...

hehe. har virkelig prøvd mange gongar, men eg får kje det ned. elska lukta av kaffi då:)

Mari sa...

Jo takk. beire no. Hadde berre ein ekstremt dårlig dag! Låste meg inn på badet ein halv times tid, sonn at eg fekk roa meg. Hehe. Det hjelpe alltid:)

jeanette_s sa...

he he, greit å låse seg inn på badet. Badet følast liksom so trygt og godt:)