onsdag, februar 22, 2006

Datanerd og fugleinfulensa.....





Eg e blitt eit datanerd.

Det e Kjølsdalen musikklag sin feil. Web masteren i musikklaget har nemmelig lagt ut eit forum slik at bådet kjende og ukjende kan "prate" me kvarandre.

Kjølsdalen er i ekstase! Det er so vidt folk går på jobb, ete mat, stelle ungane sine, pleiar samlivet, gløymer å sove etc. Det einaste som betyr noko i livet no er datamaskina! Ektepar som er med i musikklaget har gått til anskaffelse av ein bærbar pc i tilegg til maskina dei allereide har, berre for å behalde husfreden!! Slik at dei begge kan delta aktivt i diskusjonane inn på forumet.

Det har til og med gått so langt at medlemmane vurderar å ha øving på nettet istadan for å samlast i samfunnshuste kvar tirsdag. Kva er vel betre enn å slenge inn ein "smily" til den som tek kontakt med deg, istaden for å måtte seie hei til personen face to face?? Eller ein sur "smily" dersom du har ein dårleg dag?

Nettet gjer deg nemmelig mykje meir laussluppen. Du sei akkurat ka du meinar, legg ut bileter som du aldri ville ha vist dersom du hadde dei i papir format, du kan pirke deg i nasa og prompe medan du "snakkar" med ein person.... osv. På nettet blir alle seg sjølv!

Det hadde vore greit då. I dagleglivet. Om du er trist og lei av den vanlege kvardagen, ja då kunne du berre "logge" deg av, eller gå i "dvalemodus". Og om kvar dag var ein fest, kunne ein ha vore "pålogga" heile tida...t.o.m. "surfa" litt rondt-om-kringfallera:)

En ting eg har tenkt litt på i desse fugleinfulensa-pandemi-epedemi tider er; Kor "frittgåande" er eigentleg desse "frittgåande" hønsa?
Er frittgåande høns høns som berre går fritt rundt om kring inne, eller er frittgåande høns høner som går fritt omkring ute? (inne på natta sjølvklart)....

I det siste når eg har kjøpt ein kartong me "Egg frå frittgåande høner" so føler eg Prior ler meg bak ryggen...: HAHA!.... Veit ho ikkje at høner ikkje har lov til å gå ute no når hønefeberen rasa!!?(dvs. Prior lyg om sine høner!)

- og jo, eg veit det...Eg trur dessuten desse "frittgåande" hønene dokka ikkje e so jævla "frittgåande" allikevel eg....Altso... Kor lettlurt trur dokke eg eigentleg e??

Uansett.... Frittgåande eller ikkje.. Trur eg går for å mate duene i parken eg...


7 kommentarer:

Sasi sa...

Eg Trur nok ikkje frittgåande høner absolutt MÅ gå ute, tingen er berre at dei går fritt rundtomkring og ikkje står i bur og legg egg på samlebånd. Og dessuten er det veldig lett å sjå på egget om det kjem frå ei frittgåande høne (når du knuser det). Plomma er orange og har ein kraftig farge, mens klaustrofobihønene legg egg som har ein vassengul farge. Sjekk it out!

Detta minna meg om irriterande kommentering frå universitetet:) Ikkje meininga det altso, è berre blitt so snusfornuftig av denne feberen..

Trine sa...

Vi fikk jo ei høne til pappa sin føriårs dag. Etter mykje om og men, en dritsjalu kanin som måtte sperrast inne i ved-boden så den ikkje skulle drepe høna og en stk Trine i krampegråt, måtte vi gi vekk høna. Bonden lova oss dyrt og hellig at høne-pøne skulle få gå ute så masse ho ville. Så sjøl om eg grein så masse at eg fikk ti kr som plaster på såret (og sikkert for å holde kjeft *hyylhyylhuuuuulk*), så stolte eg på det han sa, og regne med at ho framleis vandrar rundt akkurat der ho vil, og legg egg i bøttevis, orange og fine i fargen sin:)

jeanette_s sa...

Næhhei...:) Plomma e så gul fordi hønene blir mata me mais!:)

Sasi sa...

Eller kanskje dei berre får orange kondittorfarge;)

Sasi sa...

...eller konditorfarge..

jeanette_s sa...

hehe...eller kanskje dei rett og slett fugleinfulensa, alle som har veldig gul plomme!:)

Sasi sa...

Ja..eg è jo litt gul for tida..;)