laurdag, mai 09, 2009

Balsam for sjela.

Sart, melankolsk og uendelig vakker er berre tre av dei adjektiva ein kan seie om musikken til Anthony & The Johnsons. Lasta ned eit album av dei på ipoden min i går, og vart med eit bergtatt av dei vakre mjuke tonane som smaug seg inn i øyregongane. Eg kjende meg som nyforelska, og datt totalt ut av den "verklege" verda. Med draumande auge vart eg berre sittande å stirre ut i lufta.
For nokre veker sidan hadde dei konsert i Grieghallen, hadde ikkje kjøpt billetta, men ein kompis av Ragnar hadde éin til overs. Derfor vart det ikkje til at billetten vart brukt sidan vi var to. Og eg angra bittert. Men i august har eg sjangsen til å oppleve dei på nært hald, når dei held konsert ilag med Oslo filharmoniske orkester på operataket! Trur det kan bli ei vakker oppleving!

Sit i den skrivande stund heime i Kjølsdalen. Har vore her nesten ei veke no, so kjenne den rastlause kriblinga etter bylivet ta seg opp i kroppen. Elska å vere heime med familien, men kjenner at det er i Bergen eg har livet mitt no. Kjærast, gode venna og 'De vakre' kan ikkje erstattast med skjønn natur, bondeliv og forhaustara. Hadde berre alle kunne vore samla på same stad hadde alt vore perfekt. Men som ho sa skogsmusa då ho hadde vore ei stund i byen, borte bra, men heime best! Alle har vel kvar sin plass dei høyrer heime og ein stad dei kjenner seg rotfast til, og då er det ikkje meininga at ein skal bli riven vekk ifrå den staden.
Kan meddele at eg har vore på loppemarknad i Kjølsdalen i dag! Koselig å få med seg det når eg fyrst var heime i den vakre bygda! Vart ikkje så mykje loppehandel, men kjøpte meg to DVD'ar.

Ellers smile eg stort om dagen. Min kjære og eg har funne oss ei leilighet som vi skal pusse opp og bu i:) Gledar meg å gjere leiligheta om til vårt eige krypinn. Til å plante urte og blomster på altanen, og til å lage mange gode minner der til å ha med oss vidare i livet.

3 kommentarer:

Mari sa...

Grattis med leilighet! Kjekt å få pusse ho opp og gjere ho til det dåkke sjølv vil! Det gjor eg og Thormod når vi kjøpte:) Hardt arbeid å pusse opp, men det er verdt det når dåkke er ferdige!

jeanette_s sa...

Takk! Ja, eg gleda meg. Men om du spør meg om ein mnd. so e eg sikkert drittlei! Då veit eg kem eg ska spørre om vi treng nåken tips;)

Anonym sa...

bilen min :)
(jannike)