måndag, juni 22, 2009

Bollen som fekk bein å gå på.

Det var ein gang ein liten fersk, grov og sunn bolle. Han var ein blant ca. 24 søsken. Det var kjerringemnet i huset som hadde laga desse vakre bollane. Eller rundstykke som gjerne andre kallar dei. Ikkje var han berre grov og fin. Han hadde eit vakkert gyllet strø med sesamfrø på seg. Husmora var stolt som ein hane då ho fekk til å lage slike vakre bollar. Ho skraut av det til alle som kom i hennar veg.

Bollane var svært populære. Dei låg å freista alle som kom på besøk. Vennar og mannen av husmora fekk smake desse hærligheitane. Ein etter ein forsvann dei delikate og luftige bollane. Dei som ikkje låg i frysen før dei vart etne, låg i skuffa på kjøkenet. Dagen måtte komme då husmora ikkje hadde bollar igjen, verken i skuff, skåp eller frys.

Dagane gjekk, nye bollar kom og gjekk. Både lyse, grove, horn og andre som ikkje var fullt so vellykka. Brått ein dag oppdaga husmora at ein bolle hadde gøymt seg vekk, innst i skuffa, ved sidan av knekkebrøda og under suppeposane. Ikkje berre hadde bollen endra farge frå gyllen til grøn, men den hadde óg fått bein og pels. Han låg der so trist og lei over at ingen ville ha han. Men husmora visste råd;
No vert berre bollen kalla bolledyret. Ser du eit kjerringemne gå i gata med noko grønt, lodent og rundt i band. Ja- då er ho ute å går tur med det nye kjæledyret sitt.





2 kommentarer:

Mari sa...

Her har eg berre ein ting å seie: Æsj! Arti historie, men den bollen hadde kje eg ete!

jeanette_s sa...

Hahah...ikkje eg heller. Den har jaffal fått "godgjort" seg lenge den der:)