onsdag, juni 10, 2009

Undrast.

Visse tider undrast ein ekstra mykje over livet, eller står ved eit såkalla vegkryss.
Vegkrysset har ingen skilt eller traffikklys men tvinger ein sjølv til å velge kva retning ein skal gå i. Då gjeld dei vanlege traffikkreglane. Men kva er dei vanlege traffikkreglane i livet?

Konsekvensar er noko ein oppleve uansett kva retning ein vel å gå. Nokon konsekvensar er meir behaglege enn andre. Eg vil nettopp ha dei konsekvensane som er mest behaglege, óg som er mjukast å lande i. Men det er ikkje alltid ein har val til å gjere dei sjølv. Så kjære deg som har slik makt; leik, glede og latter er mykje betre enn savn, trist og regn. La oss heller bestemme retninga i vegkrysset ilag!

Ingen kommentarer: