torsdag, juni 25, 2009

Kvil i fred.

Det er natt, men snart morgon. Vi har drukke rosé og kost oss masse ut på by'n. Men so dukka eit rykte opp. Kongen av pop er død! Mannen som minne meg aller mest om då eg møtte min eigen kjærast, Ragnar.
Uteplasseen hadde slått på lysa, tatt av musikken. Men inn i hovudet til meg og Ragnar kverna "Beat it!" medan vi song høgt og Ragnar tok moonwalken som eg fall pladask for. Han kunne den til og med betre enn kva Michael kunne sjølv!

Takk for all den gode musikken kjære Michael, takk for alle minna som er knytta til den, og takk for at du står som ein bautastein i musikken si historie.

Du er ein legende. Og dagen i dag er svært trist..........


Kvil i fred.

Ingen kommentarer: