måndag, juni 08, 2009

Sunday night fever!

Heilagdag? Ikkje pokker. For å få opp humøret møtte eg Lene, min snille lille solstråle som alltid er glad og lattermild. Lenge sidan vi har leika, så dette var verkeleg på tide! Lene hadde óg med seg sin mann, kjekke svenske Niklas. Møtte mange fine flott folk utover kvelden. Fin mann med krølla, irriterande mann med rosa solbriller, søt blondine med fin lippgloss, sjarmerande servitør, rusa eksdame til mann med rosa solbriller. Ein heil flokk frå ei lang liste med folk. Fin blanding av bocca og Lille. Miksing med deilige drinkar og deilig dessert med sjokoladekake, mousse og jordbær. Staseleg!

Korleis bli frakta på ein herskapeleg måte frå ein stad til ein anna? Jo-nemmelig med handlevogn. Turista peika og lo, trudde norske jenter hadde for vane å trille kvarandre i handlevogn på seine natta. Det kan du på ein måte seie vi har, for eg har gjort det før- i ei trang brusteinbelagt gate syngande på "vil du værra med meg hjem i natt!"...... Sjekketriks utan like! Såg mi begrensing på kvelden. Etter latter, song og leik frå tidleg ettermiddag til seine natta tok eg ballettskona på og danse meg heimatt bortover Nygårdsgata. Lukkeleg, hoppande og sprettande. Ting ordna seg for snille piker!




Ingen kommentarer: