fredag, juni 19, 2009

We love Ikea!

Ikea, ikea, we love Ikea! Har vore flink pike i dag. Må gjere forbredelsar til å flytte for meg sjølv, så i dag stod NØDVENDIGE ting på handlelista. Har kjøpt boksåpnar, dørslag, eggedelar, nye knivar(trengte det SÅRT!) visp og ikkje minst ny prasskanne. Øydela sjølvsagt presskanne nr.4 her om dagen. Enda opp med at kvar gong eg skal lage meg kaffi så laga eg eit nytt kutt i fingaren min. Nye flotte bileter av mitt nye liv kjem straks. No står husvasken og organisering for dør!

Ps. Fekk Synnøve nesten til å grine i går, fordi eg kjøpte meg ein sånn fin arkiv/perm til å få orden på livet mitt i. Sånn som CV, attestar, reikningar osv osv. *stolt*!

2 kommentarer:

Mari sa...

Flink du er som klare å kjøpe fornuftige ting! Eg kjem alltid heim frå IKEA med ting eg absolutt ikkje har bruk for: lita bamse-rotte, 10 små lysestakar berre forde dei var billige, bilderammer som eg aldri somla meg til å sette bileter i osv...

Synna sa...

Eg va MINST like stolt :D Godt å sjå eg ikkje har jobba forgjeves ;)