laurdag, juni 27, 2009

I laurdagen sitt namn.

Sunne akivitetar etter to daga med avskjedsfest for både Johanna og Ingvill! No e det verkeleg sommar her i Bergen, og vi kler av oss plagg etter plagg for å ikkje renne vekk. Deilig når kvelden kjem, og lufta blir litt meir avkjølande.

Kjøpte meg sommeraktivitet nr. ein i dag: Badminton! Eg og Johanna tok oss ein match bak huset:)

Har starta for alvor etter å finne ein plass å bu. Hadde visning på leiligheta for nokon dagar sidan. Kan ikkje seie at det var kjekt i det heile. Hadde lyst å jage ut alle dei 100 folka som gjekk å spaserte i leiligheta VÅR! Hadde lyst å skrike til dei alle at vi ikkje skulle flytte allikevel. Men jo- det ska vi. Må berre sjå realiteten i augene. Fann annonse på ei fin leilighet på høyden i dag. Håpe på å få den!




Ingen kommentarer: