måndag, januar 03, 2011

Attende.

Leiligheta er kald. Eit lag frostrøyk møte oss i døra og eg kjenner meg usikker på om det er her eg bur- har eg komen feil?

Bagasjen blir ståande i gongen for å akklimatisere seg. Det same gjer eg ei stund.

Jula er over, og på ny kjem den ambivalente kjensla. Eg saknar heimen, familie, logrande hund, knitrande peis, eit hus med mykje liv i, naturen og fjella, stillheita, hundehår som festar seg under dei svarte sokkane, bestemor som koka mat på kjøkenet, lukta av ekte grantred, diskusjonen om kven som har brukt mest varmevatten, rauting frå fjøsen, hoppe over steingarden for å besøke Jannike. Eg saknar Era som bjeffar i vilden sky når vi i familien leikeslost, å sparke på tur med storesysta, katta som smyg seg siklande opp ved mi side att med ovnen og diskusjonane om kortid vi skal ete det neste måltidet.

På same tid er eg glad for å komme attende til mitt eige liv. Vår eiga leilihet, å sitte aleine under pleddet med mannen- utan at nokon sin munn masar. Vakne akkurat når eg måtte ønske det etter ein fest, ete sunnar mat enn kva som har blitt ete i jula, sjå akkurat det eg måtte ønske på tv, stikke på cafe på ein to tre, besøke treningstudio når himmelen dryp for mykje........

Ja, det er mange ting eg kan nemne som eg set pris på i mi eiga lisje boble.

Uansett korleis eg vrir og vende på det, så kan eg ikkje velge vekk noko av det. Eg set like mykje pris på dei vakre fjella og fjordane som det sytalause bylivet.

Eg ser på det som at eg har fått det i pose og sekk. 






4 kommentarer:

Krista sa...

Kjempefint innlegg:)Og du har jo verkeleg vakre fjordar og fjell å setje pris på der heime!

Men det som er fint med Bergen er at der ligg det fjell som kan brukast i umiddelbar nærleik. At Trondheim manglar nettopp det er eit stort minus med byen...

Men det er klart, ingen fjell er like gilde som dei ein ser heimafrå;) Dessutan er du heldig som kjem frå ein gard. Og har ein hund. Sukk.

jeanette_s sa...

Takk!!
Ja, Bergen har mykje fin natur. Men allikevel er det ikkje heilt som heime.
Era e fantastisk kul! Begyndt å bli gammal, heile tretten år, men e forsatt leiken og fin:)

Frøken Barmen sa...

Skjønar akkurat kva du meinar. Eg slitast alltid mellom heime og bylivet og syns det er like trasig kvar gong eg må reise frå det eine til det hitt, sjølv om eg elskar begge delar. Men eg får prøve å tenke som deg, at ein har både i pose og sekk;)

jeanette_s sa...

ja, eg sakna ofte heim. Når eg e alt for lenge heime, so sakna eg byen. Men når eg e for lenge i byen- ja, då sakna eg heime. Ikkje lett det der!