tysdag, januar 25, 2011

Grunnar til å trene.

- Ein heilt vanleg tirsdag, midt i ei heilt vanleg veke, flyttar seg frå 'not-sida' til 'hot-sida'.
-Den verste 'badhair' morgonsveisen kan lett skjulast under ei stor ullhue, og ein kjem ifrå det med å sjå kul ut.
- Å bruke den raude og kvitstripa Ulvangtrøya som eg har lagt mi elsk på.
- Å bli plystra på av eksotiske anleggsarbeidarar i sin beste alder når ein langar ut forbi store Lungården(Les: Gamle sleipe grisar frå austblokkland)
- Å snuse inn doggfrisk luft med hint av sol. 

- Få raude roser i kinn, utan å bruke rouge.
- Få fyldige lepper utan kunstige verkemiddel, berre fordi blodet og endorfinane strøymer som galne i kroppen.
- Late som ein er med i 71 grader nord, kun for å presse seg sjølv til det maksimale. Jamvel om bilen og pengane ikkje ventar på målstreken for vinnaren.
- Å bli sett på med beundrande blikk når ein spring forbi sletne sjeler med hengeposar under augene. Rett og slett fordi ein alt for godt veit korleis det er å være på den "andre" sida sjølv.
- Hoppe over steina, le høgt når ein er fyrste mann opp Johannes kyrkjetrappene og leike slalom mellom treda, utan å bli hente av psykiatrisk i Sandviken. Fordi kleskoda er riktig.
- Gå på butikken å handle inn berre sunne ting, som blodappelsin, pære, youghurt naturell, honning og nøtter. Berre for å gni det inn til han bak- med cola og snickers, liksom. 
- Å kjenne at ein lev, når musklane i arma dirrar etter mange push-up's.
- Å dandere maten fint på min prikkete duk, berre fordi eg vil vise kor flink eg har vore på bloggen min.
- Belønne meg med rykande kaffi og forsette mine daglege plikter i livet, med god samvit.
-Å faktisk ha ein blogg, der eg kan skryte hemningslaust av meg sjølv når andre gløymer å gjere det.

8 kommentarer:

Krista sa...

Flink! ;)

Mari sa...

"Les: Gamle sleipe grisar frå austblokkland"
Haha! Genialt!

jeanette_s sa...

Ja, herregud, dei kan å plystre desse karane. Kanskje eg skal sette meg bort dit å plystre på dei heile dagen? Gamle grisa...

Laila sa...

Hehe, dette skal eg tenke på i dag når eg skal ut og jogge ;)

jeanette_s sa...

ja, veit du? Det funka som berre søren! ;-) God jogging til deg!

Hilde sa...

Fiiineste bloggen!
Elsker den ulltrøyen, leker "hvor er willy" hver gang venninen min går med den :)

jeanette_s sa...

Taaakk, Hilde!
haha, eg elska den óg! "Hvor ER Willy?"

Jenny sa...

Så flinke du er, Jeanette. Du skriv så levande! Eg ser deg for meg - og kjenner at eg saknar ditt blide andlet. Håpar alt står bra til med deg og han fine.