tysdag, januar 11, 2011

            Te-selskap.

Joda. Eg har alt for mange plana som surra opp i hovudet mitt.


Eg skal trene mykje, ja så mykje at eg faktisk skal få muskla
og bli veldig veldig sterk. Eg skal måle ca. fem- seks bileter i veka som eg skal selge eller stille ut på ein Café. Eg skal bli dødsgod-både til å ta bileter med "minneboksen" og til å redigere dei så flotte og fjonge at til og med 'Vouge' kjem til å ringe meg ein vakker dag. Dagbladet sitt 'Magasinet' held óg.

Eg skal pusse opp resten av leiligheta så den blir like fin som stova og kjøkenet. Eg skal vere ein supergod kjærest, så god at eg faktisk blir berykta for å vere best. Eg skal sjå 'stunning' ut 'tvæntifårsæven'. Lage deilige måltid og invitere gode venna. Opne min eigen vintage- slæsj design- slæsj foto- slæsj kunst- slæsj Cafébutikk.Og sjølvsagt skal eg designe alle kleda sjølv.

Joda, som de skjønnar; planane er der ikkje noko i vegen med.


Ok. No kjenner eg at eg blir litt kvalm over meg sjølv. Og nesten litt trøtt av alt eg skal rekke over. Gud bevares, viktig å ha draumar; Noko eg har tonnevis med. Men det er óg viktig å kjenne sine begrensingar.


Eg trur at i år skal eg berre vere meg sjølv. Og det held i massevis.


4 kommentarer:

Krista sa...

Det er viktig å innsjå at ein er god nok som ein er:)

jeanette_s sa...

Ja, heilt einig!
Av og til litt vanskelig.

Mari sa...

Ja, det held i massevis, men det er godt å draume litt òg!

jeanette_s sa...

ja, må det. Ellers visna ein totalt vekk:)