fredag, januar 14, 2011

Velkomen.
 Den fine vesle kufferten eg fekk med han 
flotte til jul. Kakeboksen eg fikk av dei beste 
Mona og Marius til bursdagen og dei 
glitrande skoa.


Det var ein gong ein gong som ingen ønskte sette sin fot innanfor. Den var gul, utriveleg og hadde ikkje blitt vaska sidan krigen. Dessutan var den mørk og lunefull. Ein visste aldri kva som ville skje der.

Ein dag flytta ei jente inn saman med han fine som budde der. Jenta såg på gongen med store auger og fekk nesten tårer i augene over kor lite innbydande den var, og ba på sine kne til mannen om dei ikkje kunne måle gongen.

Mannen kjøpte ei målingspann, og saman målte dei gongen til verdas lysaste og trivlegaste plass. Jenta flytta nesten dyna si ut i gongen for å sove der. Men då sa mannen 'nei'.

Saman levde gongen, jenta og mannen lykkelege i alle sine dagar...

6 kommentarer:

mari sa...

ååh, for en nydelig gang! jeg skjønner godt at du vil sove der, man får i hvert fall lyst til å komme på besøk og drikke te og spise kaker når man blir møtt av noe så koselig! så flinke dere er!

jeanette_s sa...

Tuasen takk! Veldig kjektå å høyre:)
Ja, no er det berre å invitere en haug med folk:)

Mari sa...

Oj, no vart eg nesten litt i stuss her og trudde eg hadde skrevet ein kommentar til deg på bokmål:) hehe, men det var visst ikkje meg:)

jeanette_s sa...

Haha, trudde fyrst det va deg óg. Men skjønte raskt at det ikkje va det. Eller har du slått om?

Mari sa...

Ånei du, eg skal nok tvihalde på nynorsken:) Merka den er litt utvatna til tider, men eg jobbar med å få den bra att!

jeanette_s sa...

ja, eg og held den godt fast. Ska ALDRI legge over!