onsdag, juni 10, 2009

Helsika heller.

Såkalla moteblogg er i vinden for tida som aldri før. Har vel hatt innslag av FÆSJON her på bloggen min. Men er då heller fan av å skrive om mine gleder, sorger, fanting og leiking. Slik som igrunn alle menneske kan kjenne seg igjen i. Nett som med veiret.

Men som jente i sin beste alder har eg alltid vore ein ihuga fasjonist. Men kan ikkje stikke under ein stol at eg har eit litt ambivalet forhald til mote. Elska mote fordi det er spennande, kreativt og er med på å vise kva person som eigentleg sjuler seg bak kostyma(bør vertfall gjere det). Og hatar mote fordi eg rett og slett ikkje har råd til å kjøpe alle desse dyre plagga ein til dømes ser i motemagasin osv. Synst rett og slett verda kan bli for matriallistisk! Livet dreia seg ikkje om å kjøpe dei dyraste og "rette" merka. Ein kan finne perfekte fine etterlikningar på til dømes billigkjeder som H&M, Gina Tricot, fretex eller Spar Kjøp( Tru meg, fann nåken fantastiske kule sko der!).

Ein kan vel ikkje kalle seg spesiellt kreativ dersom ein kopierar stilen til modellane i magasina. Mange trur at berre det er rådyrt og flott så spelar det ingen rolle om det er eins eigen stil eller ikkje. DET er eg totalt imot. Eg elskar å spankulere på second-hand butikkar for å finne skattar med sjel og som berre ropar høgt ut til meg -JEANETTE! Samtidig som eg gjerne bruka opp alle pengane mine på H&M eller Bik Bok. Nøkkelen er å kombinere dei forskjellige plagga, og ikkje minst bruke plagg og tilbehøyr som betyr noko for ein. Slik som den gamle veska til mamma, sjalet til bestemor eller skoa som ein kjøpte då ein var på romantiks kjærleikstur til Krakow.

På den andre sida kan ein vere så heldige å finne "gamle travara" på desse second-hand butikkane. Ei dame frå Bergen var så heldig å finne ei veske frå Chanel på Fretex for ein slikk og ingenting. Hadde det berre vore meg! For misforstå meg rett; klassiske tidlause plagg/tilbehøyr synest eg ein gjerne kan legge litt penga i. Men med plagg som gjerne er "populært" i 3-4 mnd. og deretter blir liggande innst i skåpet, er ein berre med å støtte opp "bruk og kast"-mentaliteten som det er alt for mykje av her i denne verda. Gje heller kleda til Fretex, så kan andre dra nytte av alle desse luksusdyra som strevar etter å halde følge med moten som bevegar seg fortare enn kva eg skiftar truse...;)





Strømpe frå Vila
Skjørt frå Fretex
T-skjorte frå barneavd.(!) på H&M
Smykke og armband frå gammal dame i Krakow

1 kommentar:

Mari sa...

Ja,d et er flust av moteblogga og eg kan ikkje skjønne korleis dissa 16-18 åringane som skriv om mote og hudprodukter har råda til å sjå ut sonn som dei gjer kvar dag.
Eg har rett og slett ikkje råda til noko av dei produkta/kleda dei anbefala/brukar. Ikkje det at eg er så opptatt av å vere fancy i kvardagen, men alikavel..