søndag, juni 14, 2009

Ikkje flytt ifrå meg..

Tida er snart inne for at "De vakre" skal skillast. Vi må vidare i livet; mann, reising og oppfylling av drøymar dreg oss i alle retningar. Men no når tida snart er inne for at våre vegar skal skillast, tviheld vi på dei fine minnene frå Nygårdsgaten 82a. Rarast er det vel kanskje at eg ikkje lenger skal bu med min solstråle Synnøve. Forhaldet vårt har overgått alle andre forhald vi har hatt, begge to (Altså med menn;)
For kva skulle eg vel ha gjort utan ho?
Vi har bjeffa til kvarandre, ledd med kvarandre, hylt, skreke-og ikkje faen om det går an å skjule noko for ho. For vi kjenne kvarandre alt for godt. Til og med betre enn våre eigne menn.

Eg har til tider oppført meg som mora hennar, og ho har oppført seg som mora mi . Ho har kjefta på meg når eg har brukt for mykje pengar på kle. Tipsa meg når Spar har salg på kylling og banna/trøsta med meg når menn har knust hjertet mitt. Ho har til og med tatt med mannebein heim til meg midt på natta. Ikkje det at eg var heime akkurat då, men det var vertfall godt tenkt. Sjølv om eg overhode ikkje var interessert i akkurat denne mannen...Synnøve er den som fyrst av alle har helst på dei som har satt mitt hjerte i kok. Som har rapportert heim til mor og far om at "beinet" er godkjendt ifrå hennar si side. Ho veit korleis putene i sofaen skal stå, gjev klar beskjed til mannfolk som besøke heimen på fest- at dei må sitte når dei skal urinere i doen, kjeftar dersom nokon går inn med sko, og ler høgt når eg gjer ablegøyer med rockeringen. Eg har og lært at eg skal halde HEILT kjeft når Synnøve er forbanna, for då seier ho ikkje eit knyst- heilt til nokon snakkar til ho. Då kjem ho gjerne med særs små og krasse kommentarar!
Men ingen andre er snildare og meir godhjerta enn Synnøve....
Så: Kjære Synnøve, ka skulle eg gjort uten deg? Takk for alle dei fine åra! I LOVE YOU!

Også er det Johanna, søte snille eksentriske og følelsesmennesket Johanna. Sjølv om du flytta inn for nesten eit år tilbake så kjennest det ut som om du alltid har budd her med oss. Eg har lært meg sjølv betre å kjenne etter våre lange samtalar om livet, menn, religion, familie osv. For meg er det heilt normalt å dikskutere kva bruksanvisning som står på ovnane for så å hoppe rett til kor fine sjøhestar er, og at vi gjerne har lyst på ein slik ein en dag. Ein KLAR samanheng. DET burde då alle skjønne!? Til tider er vi så like at eg skulle tru vi var i slekt, sjølv om du er oppdregen av 68'ara og eg av ein traust bondefamilie. Men sjølvsagt har vi óg totalt rake motsetningar. Stakkar Synnøve som må holde ut med oss aggressive lemmend som kallar ein spade for ein spade, og ikkje legg noko i mellom når fyrst lunta er tennd. Johanna har super mange planar, blant anna skal ho reise til India, bu i eit spartansk kloster der ho skal meditere døgnet rundt, finne mannen i hennar liv, få 6-7 ungar, bli verdens beste mor, bu på ein bondegård i skjærgården, dyrke økologiske grønnsaker, bake verdens beste cookies og rundstykke osv osv. Og veit du ka Johanna? Eg trur du får realisert alle draumane dine lett! Du har alt ifrå A til Å i deg, og er genuint interessert i å få det beste ut av livet ditt. Og I LOVE YOU TOO!

Gla for at eg kjenne dokke fine menneska!



5 kommentarer:

Mari sa...

Eg er ein person som ikkje likar store forandringer i livet og etter å ha vore sambuar med Laila i 5 år, var det heilt fryktelig å skulle flytte frå kvarandre! Sjølv om vi bur i same by er det ikkje det same som å bu i same leilighet!
Plutselig skal man bu i lag med ein gut som ikkje fyller på når dorullen er tom, vaskar seg med shampoo i staden for å kjøpe ny dusjsåpe og grisar til korken på dressingflaska! Man må begynne heilt på nytt når det gjeld vanar og tilpassing.

jeanette_s sa...

Hahah....vi e igrunn litt rare. Fordi vi har tilpassa oss til kvarandre ette å ha budd ilag so lenge. Til og med dei minste lisje små tinga kan få oss te å bli forbanna, berre fordi det ikkje blir gjort på samme måten som vi ALLTID har vore vandt til.

Anonym sa...

å, søte jeanetten! for en fin bloggpost! *snufs* (bare allergi altså, jeg griner ikke!!) jeg kommer til å savne dere så sykt! dette har vært et av de beste årene i mitt liv! <3

johanna xxx

Synna sa...

Åååh, herreminhatt! Eg set på jobb, og tårene trilla.. (kom på ette 2 setninga inn i bloggen din at eg sikkert helst burde såtte heime på senga og lest resten- men eg greidde ikkje la vere..)
Det blir utrulig rart å skiljast itte et halvt tiårs-ekteskap..men vi har vel ordna oss med gjesterom begge to? :D

jeanette_s sa...

Takk alle mann:) Eg kjeme til å grine i mange mnd. etter eg har flytta ut... Grua meg sjukt til "avsluttingsfesten"..